Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 22
Prov NorSMB 22:1  Eit godt namn er meir verdt enn rikdom stor, og manntekkje betre enn sylv og gull.
Prov NorSMB 22:2  Rik og fatig råkast, Herren hev skapt deim alle.
Prov NorSMB 22:3  Den kloke ser fåren og gøymer seg, men fåmingar renner fram og lyt bøta for det.
Prov NorSMB 22:4  Løn for spaklynde og otte for Herren er rikdom og æra og liv.
Prov NorSMB 22:5  Klunger og snaror er på den vegen den falske gjeng, den som agtar si sjæl, held seg burte frå deim.
Prov NorSMB 22:6  Lær guten etter som guten er, so vik han ikkje ifrå det, um han vert gamall.
Prov NorSMB 22:7  Rikmann rå’r yver fatigfolk, og den som fær lån, vert træl for den som gjev.
Prov NorSMB 22:8  Den som sår urett, skal hausta vondt, og hans ovmods ris fær ein ende.
Prov NorSMB 22:9  Den godhjarta vert velsigna, for han gjev sitt brød til armingen.
Prov NorSMB 22:10  Jaga spottaren ut, so gjeng trætta med, og for skjemsla og kiv fær du fred.
Prov NorSMB 22:11  Den som elskar hjartans reinleik, den som talar vænt, han hev kongen til ven.
Prov NorSMB 22:12  Herrens augo vaktar kunnskap, men ord frå den utrue støyter han um.
Prov NorSMB 22:13  Letingen segjer: «Det er ei løva der ute, eg kunde verta drepen midt på gata.»
Prov NorSMB 22:14  Ei djup grav er skjøkjemunn, den som Herren er harm på, skal falla nedi.
Prov NorSMB 22:15  Vitløysa heng fast ved hjarta hjå guten, men tukteriset driv henne burt frå han.
Prov NorSMB 22:16  Trykkjer du armingen, vert det honom til vinning, gjev du den rike, vert det berre til tap.
Prov NorSMB 22:17  Lut øyra ned og høyr på ord av vismenn vend hjarta til min kunnskap!
Prov NorSMB 22:18  For det er vænt at du deim varar i ditt hjarta; gjev dei må vera reiduge på dine lippor!
Prov NorSMB 22:19  Av di du skal lita på Herren, lærer eg deg i dag, just deg.
Prov NorSMB 22:20  Hev eg ’kje skrive fyndord til deg med råder og kunnskap
Prov NorSMB 22:21  til å kunngjera deg det som rett er, sannings ord, so du med sannings ord kann svara deim som sender deg?
Prov NorSMB 22:22  Plundra ikkje ein fatigmann av di han er fatig, og tred ikkje armingen ned i porten!
Prov NorSMB 22:23  For Herren skal føra saki deira og taka livet deira som tek ifrå deim.
Prov NorSMB 22:24  Gjev deg ikkje i lag med ein som snart vert vreid, og gakk ikkje med ein bråsinna mann,
Prov NorSMB 22:25  at du ikkje skal venja deg til hans vegar og få sett ei snara for livet ditt!
Prov NorSMB 22:26  Ver ei millom deim som gjev handtak, millom deim som borgar for skuld!
Prov NorSMB 22:27  Når du inkje hev å betala med, kvifor skal dei taka sengi di burt under deg?
Prov NorSMB 22:28  Flyt ikkje gamall merkestein som federne dine hev sett!
Prov NorSMB 22:29  Ser du ein mann som er dugleg i arbeidet, han skal tena hjå kongar og ikkje hjå småfolk.