Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JEREMIAH
Prev Up Next
Chapter 48
Jere NorSMB 48:1  Um Moab. So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Usæla yver Nebo, for det er øydt, Kirjatajim er vorti til skammar, er teke, borgi er vorti til skammar og er livskræmd.
Jere NorSMB 48:2  Med Moabs frægd er det ute. I Hesbon bryggjar dei på meinråder imot det: «Kom, lat oss rydja det ut, so det ikkje lenger er eit folk!» Du og, Madmen, skal tagna, sverdet elter deg.
Jere NorSMB 48:3  Naudrop høyrest frå Horonajim, herjing og stort tjon.
Jere NorSMB 48:4  Moab er i øyde lagt; dei let naudropi høyrast alt til Soar.
Jere NorSMB 48:5  For gråtande gjeng dei upp stigen til Luhit, på vegen ned til Horonajim høyrer dei naudropi yver tjonet.
Jere NorSMB 48:6  Fly, berga livet dykkar, og vert som hjelpelause i øydemarki!
Jere NorSMB 48:7  For av di du leit på dine verk og dine skattar, skal du og verta teken. Og Kamos lyt fara i utlægd, hans prestar og hans hovdingar i lag med kvarandre.
Jere NorSMB 48:8  Og ein tynar skal koma yver kvar ein by, og ingen skal sleppa undan. Dalen skal forgangast og slettlendet øydeleggjast, so som Herren hev sagt.
Jere NorSMB 48:9  Gjev Moab vengjer! for fljugande lyt han fara burt, og hans byar skal verta ei audn, so ingen bur i deim.
Jere NorSMB 48:10  Forbanna vere den som er seinfør til å gjera Herrens verk, og forbanna vere den som held sverdet sitt att ifrå blod!
Jere NorSMB 48:11  Moab hev livt i fred frå sin ungdom; han hev lege still på bermen sin og er ikkje tømd or eit kjer i anna, og aldri hev han fare i utlægd; difor sit dåmen hans i honom endå, og angen av honom hev ikkje brigdast.
Jere NorSMB 48:12  Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg sender honom vintapparar, og dei skal halla på kjeri hans og tøma deim og krasa krukkorne hans.
Jere NorSMB 48:13  Då skal Moab skjemmast av Kamos, likeins som Israels hus skjemdest av Betel, som dei leit på.
Jere NorSMB 48:14  Kor kann de segja: «Me er kjempor og velduge hermenner?»
Jere NorSMB 48:15  Moab er øydelagd, og dei stig upp i byarne hans, og hans druste drengjer stig ned til å verta slagta, segjer kongen - Herren, allhers drott, er namnet hans.
Jere NorSMB 48:16  Tjonet på Moab er kome nær, og ulukka hans hev bråhast.
Jere NorSMB 48:17  Hav medynk med honom, alle de som bur kringum honom, og alle de som kjenner namnet hans! Seg: «Korleis brotna teinen den sterke, staven den prydelege?»
Jere NorSMB 48:18  Stig ned or ditt æresæte og set deg på turre jordi, du busitjande Dibons dotter! For Moabs tynar stig upp imot deg, han legg borgerne dine i øyde.
Jere NorSMB 48:19  Gakk ut på vegen og skygn utyver, du som bur i Aroer! Spør honom som flyr, og henne som kjem seg undan, seg: «Kva er hendt?»
Jere NorSMB 48:20  Moab var til skammar, for han er krasa; barma dykk og ropa! Kunngjer hjå Arnon at Moab er øydelagd!
Jere NorSMB 48:21  Ja, domen er komen yver slettelandet, yver Holon og yver Jahsa og yver Mofa’at
Jere NorSMB 48:22  og yver Dibon og yver Nebo og yver Bet-Diblatajim
Jere NorSMB 48:23  og yver Kirjatajim og yver Bet-Gamul og yver Bet-Meon
Jere NorSMB 48:24  og yver Kerijot og yver Bosra og yver alle byarne i Moablandet, fjerr og nær.
Jere NorSMB 48:25  Avhogge er Moabs horn, og armen hans er broten, segjer Herren.
Jere NorSMB 48:26  Gjer honom drukken, for han hev ovmoda seg mot Herren. Ja, Moab skal baska seg i spya si og verta til åtløgje, han og.
Jere NorSMB 48:27  Eller hadde du ikkje Israel til åtløgje? Eller var han gripen millom tjuvar, sidan du rister på hovudet kvar gong du talar um honom?
Jere NorSMB 48:28  Gakk burt ifrå byarne og set bu på bergknausar, de Moabs ibuarar, og ver like duva som lagar seg reir burtum gil- gapet!
Jere NorSMB 48:29  Me hev høyrt um Moabs ovmod - storleg ovmoda han seg - um hans storlæte og ovmod og byrgskap og hjartans ovlæte.
Jere NorSMB 48:30  Eg kjenner, segjer Herren, hans ageløysa, det fåfengelege kytet hans, fåfengd hev han fare med.
Jere NorSMB 48:31  Difor lyt eg barma meg yver Moab, yver heile Moab lyt eg ropa, yver mennerne i Kir-Heres lyt ein sukka.
Jere NorSMB 48:32  Meir enn Jazer græt, lyt eg gråta yver deg, du vintre frå Sibma: kvisterne dine gjekk yver havet, dei nådde alt til Jazerhavet; midt i fruktonni di og vinonni di hev ein tynar søkt på deg.
Jere NorSMB 48:33  Gleda og fagnad er kvorve or aldehagen og or Moablandet, og vinen let eg trjota i vinpersorne. Dei trøder vinpersa med fagnadrop; fagnadropi som ikkje er slike fagnadrop.
Jere NorSMB 48:34  Frå det jamrande Hesbon alt til El’ale, alt til Jahas let dei røysti si ljoma, frå Soar til Horonajim, til Eglat-Selisa; for jamvel Nimrim-vatni vert til øydemarker.
Jere NorSMB 48:35  Og eg vil rydja ut or Moab, segjer Herren, kvar og ein som stig upp på ein haug og brenner røykjelse åt gudarne sine.
Jere NorSMB 48:36  Difor læt hjarta mitt som ei fløyta yver Moab, yver mennerne i Kir-Heres læt hjarta mitt som ei fløyta; difor misser dei det dei hev mugga i hop.
Jere NorSMB 48:37  For kvart eit hovud er fleinskalla, og alt skjegg er avraka, på alle hender er det rispa i holdet, og um lenderne sekk.
Jere NorSMB 48:38  Uppå alle taki i Moab og på torgi høyrest berre usælerop; for eg hev krasa Moab som eit kjerald ingen hev hugnad i, segjer Herren.
Jere NorSMB 48:39  Å, kor forfærd han er! kor dei eiar seg! Å, kor Moab snur ryggen til skjemsla! Ja, Moab skal verta til eit åtløgje og ei skræma for alle som bur der kringum.
Jere NorSMB 48:40  For so segjer Herren: Sjå, det kjem ein fljugande som ein ørn og breider vengjerne sine ut yver Moab.
Jere NorSMB 48:41  Byarne vert tekne, borgerne vunne, og hjarta til kjemporne i Moab vert den dagen som hjarta til kvinna i barnsnaud.
Jere NorSMB 48:42  Og Moab skal verta øydelagd so han ikkje lenger er eit folk, for mot Herren hev han ovmoda seg.
Jere NorSMB 48:43  Gruv og grav og gildra åt deg som bur i Moab, segjer Herren.
Jere NorSMB 48:44  Den som flyr undan gruvi, fell i gravi, og den som kjem seg upp or gravi, vert fanga i gildra. For eg let koma yver honom, yver Moab, eit år med heimsøkjing yver deim, segjer Herren.
Jere NorSMB 48:45  I Hesbons skugge stend magtstolne rømingar; for eld fer ut or Hesbon og ein loge midt ut or Sihon, og han øydde Moabs tunnvange og kruna til stridsgny-sønerne.
Jere NorSMB 48:46  Usæl du Moab! Det er ute med folket åt Kamos; for sønerne dine vert tekne til fangar og døtterne dine til herfang.
Jere NorSMB 48:47  Men eg gjera ende på Moabs utlægd når tider er lidne, segjer Herren. So langt domen yver Moab.