Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 29
Job NorSMB 29:2  «Å, var eg som i fordums måna’r, som den gong Gud mi verja var,
Job NorSMB 29:3  då yver meg hans lampa skein, som lyste meg i myrkret fram,
Job NorSMB 29:4  slik som eg var i mogne manndom, då Gud var ven i huset mitt,
Job NorSMB 29:5  då Allvald endå med meg var, og mine born eg kring meg såg,
Job NorSMB 29:6  då eg i fløyte foten tvådde, og olje rann av fjellet nær meg,
Job NorSMB 29:7  då eg til porten steig i byen, og sessen min på torget tok!
Job NorSMB 29:8  Ungdomen såg meg, løynde seg; dei gamle reiste seg og stod;
Job NorSMB 29:9  hovdingar stogga midt i talen og lagde handi på sin munn;
Job NorSMB 29:10  og røysti tagna hjå dei gjæve, og tunga seg til gomen kleimde;
Job NorSMB 29:11  dei som meg høyrde, sælka meg, og dei som såg meg, vitna for meg.
Job NorSMB 29:12  Eg berga arming når han ropa, og farlaus som var utan hjelp;
Job NorSMB 29:13  velsigning fekk eg frå forkomne, og enkjor fekk eg til å jubla.
Job NorSMB 29:14  Rettferd var min, eg hennar bunad; rett var mi kappa og mi kruna.
Job NorSMB 29:15  Eg for den blinde auga var, og føter var eg for den halte.
Job NorSMB 29:16  Ein far eg var for fatigfolk; eg for ukjende saki granska.
Job NorSMB 29:17  På brotsmann tennerne eg knekte, reiv fengdi utor gapet hans.
Job NorSMB 29:18  Eg sagde: «I reiret skal eg døy, med dagar talrike som sand.
Job NorSMB 29:19  Til roti mi skal vatnet trengja, dogg bu ved natt på greini mi;
Job NorSMB 29:20  mi æra held seg frisk hjå meg, bogen vert ny handi mi.»
Job NorSMB 29:21  Dei høyrde ventande på meg, og lydde stilt på rådi mi.
Job NorSMB 29:22  Og ikkje la dei mot mitt ord, min tale draup ned yver deim.
Job NorSMB 29:23  På meg dei bia som på regn, ja, som vårregn opna munnen.
Job NorSMB 29:24  Eg smilte til mismodige, mitt andlit fekk dei ikkje myrkt.
Job NorSMB 29:25  Når eg deim vitja, sat eg fremst, sat som ein konge i sin herflokk, lik ein som trøystar syrgjande.