Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
TITUS
Up
1 2 3
Toggle notes
Chapter 1
Titu NorSMB 1:1  Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel til å føra Guds utvalde til tru og til å kjenna den sanning som høyrer til gudlegdom,
Titu NorSMB 1:2  i von um ævelegt liv, som Gud, han som ikkje lyg, hev lova frå ævelege tider,
Titu NorSMB 1:3  men no i si tid hev han openberra sitt ord ved den forkynning som vart meg yvergjevi etter Guds, vår frelsars, fyresegn -
Titu NorSMB 1:4  til Titus, min egtefødde son i den sams trui: Nåde og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår frelsar!
Titu NorSMB 1:5  For den skuld let eg deg etter på Kreta, at du skulde skipa til det som vanta, og setja inn eldste i kvar by, so som eg pålagde deg,
Titu NorSMB 1:6  um det er nokon som er ulastande, mann til ei kvinna, hev truande born som ikkje hev vondt ord for skamløysa eller er ulyduge.
Titu NorSMB 1:7  For ein tilsynsmann skal vera ulastande som ein Guds hushaldar, ikkje sjølvgod, ikkje vondlyndt, ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, ikkje lysten etter låk vinning,
Titu NorSMB 1:8  men gjestmild, glad i det gode, visleg, rettferdig, heilag, fråhalden,
Titu NorSMB 1:9  ein som held seg til det truverdige ord etter læra, so han kann vera før både til å påminna med den heilsame læra og til å tala deim til rettes som segjer imot.
Titu NorSMB 1:10  For det er mange agelause, som fer med fåfengd tale og dårar hugen, mest dei av umskjeringi.
Titu NorSMB 1:11  Desse skal ein målbinda; for dei riv ned heile hus, med di dei lærer slikt som ikkje sømer seg, for skamleg vinning skuld.
Titu NorSMB 1:12  Ein av deim, deira eigen profet, hev sagt: «Kretarar er alltid ljugarar, vonde dyr, late bukar.»
Titu NorSMB 1:13  Dette vitnemålet er sant; difor skal du refsa deim strengt, so dei må verta heile i trui
Titu NorSMB 1:14  og ikkje ansa jødiske eventyr og bod av menneskje som vender seg frå sanningi.
Titu NorSMB 1:15  Alt er reint for dei reine; men for dei ureine og vantruande er ingen ting rein; men både deira hug og samvit er ureine.
Titu NorSMB 1:16  Dei segjer at dei kjenner Gud; men i sine gjerningar forneittar dei honom, med di dei er styggjelege og ulyduge og duglause til all god gjerning.
Chapter 2
Titu NorSMB 2:1  Men du skal tala slikt som høver til den heilsame læra:
Titu NorSMB 2:2  at gamle menn skal vera ædrue, vyrdelege, vislege, heile i trui, i kjærleiken, i tolmodet;
Titu NorSMB 2:3  like eins at gamle kvinnor i si åtferd skal te seg som det sømer dei heilage, ikkje vera baktalende, ikkje trælar under drykk, men vegleidarar i det gode,
Titu NorSMB 2:4  so dei kann læra dei unge kvinnorne å elska mennerne sine og borni sine,
Titu NorSMB 2:5  til å vera vislege, reine, huslege, gode, sine menner undergjevne, so Guds ord ikkje skal verta spotta.
Titu NorSMB 2:6  Dei unge menner skal du like eins påminna um å vera vislege,
Titu NorSMB 2:7  og vis deg sjølv i alle ting som eit fyredøme i gode gjerningar, og vis i di læra reinleik, vyrdnad,
Titu NorSMB 2:8  heilsam, ulasteleg tale, so motstandaren må verta skjemd, når han inkje vondt hev å segja um oss.
Titu NorSMB 2:9  Tenarar skal du påminna um å vera sine eigne herrar undergjevne, å tekkjast deim i alle ting, ikkje segja imot,
Titu NorSMB 2:10  ikkje vera utrue, men visa all god truskap, so dei i alle ting kann vera til pryda for Guds, vår frelsars, læra.
Titu NorSMB 2:11  For Guds nåde er openberra til frelsa for alle menneskje,
Titu NorSMB 2:12  med di han uppsedar oss til å segja frå oss gudløysa og dei verdslege lyster og liva viseleg og rettferdigt og gudleg i den verdi,
Titu NorSMB 2:13  medan me ventar på den sæle von og openberringi av den store Guds og vår frelsar Jesu Kristi herlegdom,
Titu NorSMB 2:14  han som gav seg sjølv for oss, so han kunde løysa oss ut frå all urettferd og reinsa seg eit eigedomsfolk som er ihuga til gode gjerningar.
Titu NorSMB 2:15  Dette skal du tala og påminna og refsa med all fyresegn. Lat ingen vanvyrda deg!
Chapter 3
Titu NorSMB 3:1  Minn deim um å vera styremagter og yverråder undergjevne, vera lyduge, reidebune til all god gjerning,
Titu NorSMB 3:2  ikkje spotta nokon, vera fredlege, godlyndte, visa all spaklynde mot alle menneskje.
Titu NorSMB 3:3  For me var og eingong uvituge, ulyduge, villfarande, trælande under mangeslag lyster og fysnor, livande i vondskap og ovund, hata og hatande kvarandre.
Titu NorSMB 3:4  Men då Guds, vår frelsars, godleik og mannemilde vart openberra,
Titu NorSMB 3:5  frelste han oss - ikkje for rettferdige gjerningar skuld, som me hadde gjort, men etter si miskunn - ved badet til atterføding og uppnying ved den Heilage Ande,
Titu NorSMB 3:6  som han rikleg hev rent ut yver oss ved Jesus Kristus, vår frelsar,
Titu NorSMB 3:7  so me, rettferdiggjorde ved hans nåde, i voni skulde verta ervingar til det ævelege liv.
Titu NorSMB 3:8  Dette er eit sant ord! Og dette vil eg at du skal prenta inn, so dei som trur på Gud, må leggja vinn på å gjera gode gjerningar. Dette er godt og gagnlegt for menneski;
Titu NorSMB 3:9  men dårlege stridsspursmål og ættartal og kivsmål og trettor um lovi skal du halda deg ifrå, for dei er gagnlause og fåfengde.
Titu NorSMB 3:10  Eit ranglærande menneskje skal du visa frå deg, når du hev påminnt honom ein gong og tvo gonger,
Titu NorSMB 3:11  då du veit at ein slik er rangsnudd og syndar, fordømd av seg sjølv.
Titu NorSMB 3:12  Når eg sender Artemas til deg eller Tykikus, so gjer deg umak med å koma til meg i Nikopolis; for der hev eg tenkt å vera vinteren yver.
Titu NorSMB 3:13  Zenas, den lovlærde, og Apollos skal du med umhug hjelpa i vegen, so dei ikkje skal vanta noko.
Titu NorSMB 3:14  Men lat og våre læra å driva på gode gjerningar, etter som torv er til, so dei ikkje skal vera fruktlause.
Titu NorSMB 3:15  Alle som er hjå meg, helsar deg. Helsa deim som elskar oss i trui! Nåden vere med dykk alle!