Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
GENESIS
Prev Up Next
Chapter 36
Gene NorSMB 36:2  Esau tok seg konor av Kana’ans-folket: Ada, dotter åt Elon, hetiten, og Åhålibama, dotter åt Ana, sonedotter åt Sibeon, heviten,
Gene NorSMB 36:3  og Basmat, dotter åt Ismael, syster åt Nebajot.
Gene NorSMB 36:4  Og Esau fekk med Ada sonen Elifaz, og med Basmat sonen Re’uel.
Gene NorSMB 36:5  Og med Åhålibama fekk han sønerne Je’us og Jalam og Korah. Dette var sønerne hans Esau, som han fekk i Kana’ans-land.
Gene NorSMB 36:6  Og Esau tok konorne sine og sønerne og døtterne sine og heile huslyden sin og buskapen sin og alle klyvdyri sine og alt godset sitt, som han hadde sanka i Kana’ans-land, og flutte burt frå Jakob, bror sin, og av til eit anna land.
Gene NorSMB 36:7  For dei åtte so mykje fe, at dei kunde ikkje bu saman; landet som dei heldt til i, kunde ikkje føda deim, so stor var buskapen deira.
Gene NorSMB 36:8  So sette Esau seg ned i Se’irfjelli; Esau, det er den same som Edom.
Gene NorSMB 36:9  Og dette er ætti hans Esau, far åt Edom-folket i Se’irfjelli:
Gene NorSMB 36:10  Dette er namni på sønerne hans Esau: Elifaz, son åt Ada, kona hans Esau, og Re’uel, son åt Basmat, kona hans Esau.
Gene NorSMB 36:11  Og sønerne hans Elifaz var Teman og Omar og Sefo og Gatam og Kenaz.
Gene NorSMB 36:12  Og Elifaz, son hans Esau, hadde ei fylgjekona som heitte Timna. Med henne fekk Elifaz sonen Amalek. Dette var sønerne hennar Ada, kona hans Esau.
Gene NorSMB 36:13  Og dette er sønerne hans Re’uel: Nahat og Zerah, Samma og Mizza. Dette var sønerne åt Basmat, kona hans Esau.
Gene NorSMB 36:14  Og dette er sønerne åt Åhålibama, dotter hans Ana, sonedotter hans Sibeon, kona hans Esau: med henne fekk Esau sønerne Je’us og Jalam og Korah.
Gene NorSMB 36:15  Dette er jarlarne åt Esau-folket: Sønerne åt Elifaz, eldste son hans Esau, var Teman-jarlen, Omar-jarlen, Sefo-jarlen, Kenaz-jarlen,
Gene NorSMB 36:16  Korah-jarlen, Gatam-jarlen, Amalek-jarlen. Det var dei jarlarne som var ætta frå Elifaz i Edomlandet. Dette var sønerne åt Ada.
Gene NorSMB 36:17  Og dette er sønerne hans Re’uel, son åt Esau: Nahat-jarlen, Zerah-jarlen, Samma-jarlen, Mizza-jarlen. Det var dei jarlarne som var ætta frå Re’uel i Edomlandet. Dette var sønerne åt Basmat, kona hans Esau.
Gene NorSMB 36:18  Og dette er sønerne åt Åhålibama, kona hans Esau: Je’us-jarlen, Jalam-jarlen, Korah-jarlen. Det var dei jarlarne som var ætta frå Åhålibama Anasdotter, kona hans Esau.
Gene NorSMB 36:19  Dette var Esaus-sønerne, og dette var jarlarne deira. Dette var Edom-folket.
Gene NorSMB 36:20  Dette er sønerne åt Se’ir, horiten, som hadde bygt landet: Lotan og Sobal og Sibeon og Ana
Gene NorSMB 36:21  og Dison og Eser og Disan. Det var jarlarne åt horitarne, Se’ir-folket i Edomlandet.
Gene NorSMB 36:22  Og sønerne hans Lotan var Hori og Hemam, og syster hans Lotan var Timna.
Gene NorSMB 36:23  Og dette er sønerne hans Sobal: Alvan og Manahat og Ebal, Sefo og Onam.
Gene NorSMB 36:24  Og dette er sønerne hans Sibeon: Aja og Ana. Ana var det som fann dei heite kjeldorne i øydemarki, medan han gjætte asni åt Sibeon, far sin.
Gene NorSMB 36:25  Og dette er borni hans Ana: Dison og Åhålibama Anasdotter.
Gene NorSMB 36:26  Og dette er sønerne hans Dison: Hemdan og Esban og Jitran og Keran.
Gene NorSMB 36:27  Dette er sønerne hans Eser: Bilhan og Za’avan og Akan.
Gene NorSMB 36:29  Dette er jarlarne åt horitarne: Lotan-jarlen, Sobal-jarlen, Sibeon-jarlen, Ana-jarlen,
Gene NorSMB 36:30  Dison-jarlen, Eser-jarlen, Disan-jarlen. Det var jarlarne åt horitarne, fylkeshovdingarne deira, i Se’irlandet.
Gene NorSMB 36:31  Og dette er dei kongarne som rådde yver Edomlandet, fyrr det rådde nokon konge yver Israels-folket.
Gene NorSMB 36:32  Bela, son åt Beor, var konge i Edom, og byen han sat i heitte Dinhaba.
Gene NorSMB 36:33  Og Bela døydde, og Jobab, son åt Zerah, frå Bosra, vart konge i staden hans.
Gene NorSMB 36:34  Og Jobab døydde, og Husam frå Temanitarlandet vart konge i staden hans.
Gene NorSMB 36:35  Og Husam døydde, og Hadad, son åt Bedad, vart konge i staden hans; han var det som vann yver midjanitarne på Moabmoen. Og byen hans heitte Avit.
Gene NorSMB 36:36  Og Hadad døydde, og Samla frå Masreka vart konge i staden hans.
Gene NorSMB 36:37  Og Samla døydde, og Saul frå Rehobot uppmed åi vart konge i staden hans.
Gene NorSMB 36:38  Og Saul døydde, og Ba’al-Hanan, son åt Akbor, vart konge i staden hans.
Gene NorSMB 36:39  Og Ba’al-Hanan, son åt Akbor, døydde, og Hadar vart konge i staden hans, og hans by heitte Pa’u; og kona hans heitte Mehetabel, dotter åt Matred, som var dotter åt Mezahab.
Gene NorSMB 36:40  Og dette er jarlarne av Esau-ætti, etter sine ætter, i sine bustader, med sine namn: Timna-jarlen, Alva-jarlen, Jetet-jarlen,
Gene NorSMB 36:43  Magdiel-jarlen, Iram-jarlen. Det var jarlarne i Edom, etter bustaderne sine i det landet dei åtte. Dette var ætti hans Esau, far åt Edom-folket.