Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 5
Job NorSMB 5:1  Rop berre du; kven svarar deg? Kva engel vil du beda til?
Job NorSMB 5:2  Mismod slær fåvis mann i hel og brennhug den som lite veit.
Job NorSMB 5:3  Eg såg ein dåre festa rot, og brått eg laut hans bustad banna.
Job NorSMB 5:4  Hans søner hjelpelaus var, uhjelpte trakka ned i porten.
Job NorSMB 5:5  Hans avling åt dei svoltne upp, dei tok ho tråss i klungergjerde, og snara lurde på hans gods.
Job NorSMB 5:6  Men naudi ei frå dusti kjem; ulukka ei or jordi renn;
Job NorSMB 5:7  nei, mannen vert til møda fødd, som gneistarne lyt fljuga høgt.
Job NorSMB 5:8  Eg vilde venda meg til Gud og leggja saki fram for honom,
Job NorSMB 5:9  som storverk gjer som ei me skynar, fleir’ underverk enn me kann telja,
Job NorSMB 5:10  som sender regnet ned på jord og vatnet yver mark og eng,
Job NorSMB 5:11  som lyfter låg og liten upp og hjelper syrgjande til frelsa,
Job NorSMB 5:12  som spiller planen for dei sløge, so deira hender inkje duger,
Job NorSMB 5:13  som fangar vismann i hans vit, so listig råd forrenner seg.
Job NorSMB 5:14  Um dagen støyter dei på myrker, trivlar ved middag som ved natt.
Job NorSMB 5:15  Frå sverd frelser han frelser fatigmann, frå deira munn, frå yvervald,
Job NorSMB 5:16  so vesalmann fær hava von, men vondskap lata munnen att.
Job NorSMB 5:17  Men sæl den mann som Gud mun refsa; vanvyrd ei tukt frå Allvalds-Gud!
Job NorSMB 5:18  Han sårar, men bind og umkring; han slær men lækjer med si hand.
Job NorSMB 5:19  Seks trengslor bergar han deg or, i sju skal inkje vondt deg nå.
Job NorSMB 5:20  I hunger fri’r han deg frå dauden, i krig du undan sverdet slepp;
Job NorSMB 5:21  for tungesvipa er du berga, og trygg du er i tap og tjon;
Job NorSMB 5:22  du lær åt tjon og hungersnaud og ottast ikkje ville dyr;
Job NorSMB 5:23  du samband hev med stein på marki, og fred med villdyr uti heidi.
Job NorSMB 5:24  Du merkar at ditt tjeld hev fred, og inkje vantar i ditt hus.
Job NorSMB 5:25  Du ser, ditt sæde tallrikt er, ditt avkom rikt som gras på eng.
Job NorSMB 5:26  I mannskraft til di grav du gjeng, lik korn, køyrt inn i rette tid.
Job NorSMB 5:27  Det hev me granska; so det er; so høyr og merka deg det då!»