Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next
Chapter 21
Prov NorSMB 21:1  Konungs hjarta er i Herrens hand som bekkjer, han vender det kvar helst han vil.
Prov NorSMB 21:2  Kvar mann tykkjer at hans eigi ferd er rett, men det er Herren som prøver hjarto.
Prov NorSMB 21:3  At folk gjer rett og skil, er meir verdt for Herren enn offer.
Prov NorSMB 21:4  Ovmods augo og sjølvgodt hjarta - lampa åt gudlause folk er synd.
Prov NorSMB 21:5  Umtanke hjå den annsame er berre til vinning, men hastverk berre til tap.
Prov NorSMB 21:6  Skattevinning med ljugartunga er ein kvervande pust av deim som søkjer dauden.
Prov NorSMB 21:7  Den vald dei gudlause gjer, skal riva deim sjølve burt, for det som er, vil dei ikkje gjera.
Prov NorSMB 21:8  Skuldig mann gjeng krokut veg, men den reine - han gjer si gjerning beint fram.
Prov NorSMB 21:9  Betre å bu i ei krå på taket enn å ha sams hus med trettekjær kvinna.
Prov NorSMB 21:10  Ugudleg manns sjæl hev hug til det vonde, hans næste finn ikkje miskunn hjå honom.
Prov NorSMB 21:11  Refser du spottaren, vert uvitingen vis, og lærer du vismannen, tek han mot kunnskap.
Prov NorSMB 21:12  Ein rettferdig agtar på gudlause-hus, han støyter dei gudlause ned i ulukka.
Prov NorSMB 21:13  Dytter du øyra til for armings rop, skal sjølv du ropa og ikkje få svar.
Prov NorSMB 21:14  Gåva i løyndom stiller vreide, og gjeving i barmen stiller største harmen.
Prov NorSMB 21:15  Det er ei gleda for rettferdig mann å gjera rett, men ei rædsla for illgjerningsmenner.
Prov NorSMB 21:16  Den som viller seg burt frå klokskaps veg, han skal hamna i skuggeheimen.
Prov NorSMB 21:17  Ein fatigmann vert den som elskar moro, ei vert han rik som elskar vin og olje.
Prov NorSMB 21:18  Den gudlause vert løysepeng for den rettferdige, og utru kjem i staden for den ærlege.
Prov NorSMB 21:19  Betre å bu i eit øydeland enn hjå arg og trættekjær kvinna.
Prov NorSMB 21:20  Vismann hev dyre skattar og olje i huset, men uvitingen øyder det upp.
Prov NorSMB 21:21  Den som strævar etter rettferd og miskunn, han skal finna liv og rettferd og æra.
Prov NorSMB 21:22  Ein by med kjempor tek vismannen inn, og han bryt ned den borgi som byen lit på.
Prov NorSMB 21:23  Den som varar sin munn og si tunga, han varar si sjæl frå trengslor.
Prov NorSMB 21:24  Ein ovmodig og ubljug kallar me spottar, ein som fer fram med ofselegt ovmod.
Prov NorSMB 21:25  Lysti åt letingen drep honom sjølv, for henderne hans vil inkje gjera.
Prov NorSMB 21:26  Heile dagen snikjer den snikne, men ein rettferdig gjev og sparer inkje.
Prov NorSMB 21:27  Offer frå gudlause er ei gruv, og endå meir når dei samstundes emnar på ilt.
Prov NorSMB 21:28  Eit ljugar-vitne skal ganga til grunns, men ein mann som lyder etter, skal få tala alltid.
Prov NorSMB 21:29  Gudlaus mann ter seg skamlaus, men den ærlege gjeng sine vegar stødigt.
Prov NorSMB 21:30  Det finst ingen visdom og inkje vit og ingi råd imot Herren.
Prov NorSMB 21:31  Hesten vert budd til herferdsdagen, men sigeren kjem ifrå Herren.