Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next
Chapter 28
Job NorSMB 28:1  Sylv hev sin stad, der dei det finn, og gullet, som dei reinsa vinn,
Job NorSMB 28:2  og jarn fram or jordi fær, og kopar ut or steinen bræ’r;
Job NorSMB 28:3  På natteskuggen gjer dei slutt og myrkheims steinar granskar ut.
Job NorSMB 28:4  Djupt under by med annsamt liv i gruvor bergmenn kliv og sviv.
Job NorSMB 28:5  På jordi brødkorn fram dei driv, men inni upp som eld dei riv.
Job NorSMB 28:6  Safiren sit i steinar der, og der seg og gullklumpar ter,
Job NorSMB 28:7  Ei ørnen kjenner denne veg, for haukesyn han løyner seg.
Job NorSMB 28:8  Ei stolte rovdyr vegen fann, og løva aldri gjeng på han.
Job NorSMB 28:9  På harde steinen dei handi legg; då sturtar mang ein bergevegg.
Job NorSMB 28:10  I berget seg gangar grev og skodar mang ein skatt so gjæv.
Job NorSMB 28:11  Dei dytter til for rennand’ å, det løynde fram for ljoset må.
Job NorSMB 28:12  Men visdomen, kvar er han å få? Og kvar skal ein vitet nå?
Job NorSMB 28:13  Slett ingen veit hans verd og vinst; i manneheim han ikkje finst;
Job NorSMB 28:14  Avgrunnen dyn: «Her ei han er!» Og havet segjer: «Ikkje her!»
Job NorSMB 28:15  Du kann ’kje kjøpa han for gull, men sylv ei vega prisen full,
Job NorSMB 28:16  og ei for gull ifrå Ofir, ei for onyks, ei for safir.
Job NorSMB 28:17  Ei gull og glas er nok til kaup, og ei til byte fingull-staup.
Job NorSMB 28:18  Korall, krystall gjeld ikkje her. Visdom er meir enn perlor verd.
Job NorSMB 28:19  Topas frå Kus er altfor ring, ja, reinast gull vert ingen ting.
Job NorSMB 28:20  Visdomen, kvar kjem han ifrå? Og kvar skal ein til vitet nå?
Job NorSMB 28:21  Det ingen veit på denne jord; ei fugl det fann, kvar helst han for.
Job NorSMB 28:22  Avgrunn og daude segjer greidt: «Eit gjetord er alt det me veit.»
Job NorSMB 28:23  Men Gud han kjenner denne veg; han veit kvar visdom løyner seg.
Job NorSMB 28:24  Han skodar heilt til heimsens tram, og under himmeln ser han fram.
Job NorSMB 28:25  Då vinden han med vegti vog og sette mål for vatnet og,
Job NorSMB 28:26  då han gav regnet lovi si og ljomet veg å ganga i,
Job NorSMB 28:27  då såg han og synte fram og granska honom umhugsam.
Job NorSMB 28:28  Til menneskja han sagde so: «I Herrens otte visdom sit, og fly det vonde, det er vit.»»