MATTHEW
Chapter 21
Matt | NorSMB | 21:1 | Då dei var komne til Betfage, til Oljeberget, og ikkje hadde langt att til Jerusalem, då sende Jesus tvo læresveinar i veg og sagde til deim: | |
Matt | NorSMB | 21:2 | «Gakk inn i den grendi som ligg beint framfor dykk! Der finn de straks ei asna som stend bundi, og ein fole attmed henne; dei skal de løysa og leida hit til meg. | |
Matt | NorSMB | 21:3 | Og er det nokon som talar til dykk, so seg: «Herren treng um deim;» då sender han deim hit med ein gong.» | |
Matt | NorSMB | 21:4 | Dette hende av di det laut sannast det som er tala gjenom profeten, når han segjer: | |
Matt | NorSMB | 21:5 | «Seg til Sions dotter: Sjå, her kjem din konge til deg. Mjuk i åndi rid han på eit asen, folen åt eit klyvdyr.» | |
Matt | NorSMB | 21:8 | Og størsteparten av folket breidde klædi sine på vegen; andre braut kvister av trei og strådde på vegen. | |
Matt | NorSMB | 21:9 | Og folkehoparne som gjekk fyre og fylgde etter, ropa: «Hosianna Davids son! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste!» | |
Matt | NorSMB | 21:10 | Då han so drog inn i Jerusalem, vart det eit heilt oppstyr i byen; dei spurde: «Kven er dette?» | |
Matt | NorSMB | 21:12 | So gjekk Jesus inn i Guds tempel og dreiv ut alle som handla i heilagdomen; han velte bordi åt pengevekslarane og krakkarne åt deim som selde duvor, | |
Matt | NorSMB | 21:13 | og sagde til deim: «Det stend skrive: «Mitt hus skal kallast eit bønehus,» men de gjer det til eit røvarbol.» | |
Matt | NorSMB | 21:15 | Men då dei øvste prestarne og dei skriftlærde såg underi han gjorde, og høyrde borni som ropa i templet: «Hosianna Davids son!» so vart dei arge og sagde til honom: | |
Matt | NorSMB | 21:16 | «Høyrer du kva desse segjer?» «Ja!» svara han. «Hev de aldri lese: «Av småsveins mål og sogbarns låt hev du ein lovsong laga deg?»» | |
Matt | NorSMB | 21:19 | Då fekk han sjå eit einsleg fiketre attmed vegen. Han gjekk der burt, men fann ’kje anna på treet enn lauv. Då sagde han til det: «Aldri i verdi skal det koma frukt på deg meir.» Og straks turka fiketreet. | |
Matt | NorSMB | 21:20 | Då læresveinarne såg det, undra dei seg og sagde: «Korleis kunde det hava seg at fiketreet turka so brått?» | |
Matt | NorSMB | 21:21 | Jesus svara: «Det segjer eg dykk for sant: Dersom de trur og ikkje tvilar, so skal de gjera større ting enn det med fiketreet, ja, um de so segjer til dette fjellet: «Lyft deg upp og kasta deg ut i havet!» so skal det verta so. | |
Matt | NorSMB | 21:23 | So gjekk han inn i templet, og med han lærde folket, kom dei øvste prestarne og styresmennerne for lyden burt til honom og sagde: «Kva rett hev du til å gjera dette, og kven gav deg den retten?» | |
Matt | NorSMB | 21:24 | «No vil eg og spyrja dykk um ein ting,» sagde Jesus; «svarar de meg på det, so skal eg segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette: | |
Matt | NorSMB | 21:25 | Kvar var dåpen åt Johannes ifrå - frå himmelen eller frå menneskje?» Då sagde dei seg imillom: «Svarar me: «Frå himmelen,» so segjer han: «Kvi trudde de honom då ikkje?» | |
Matt | NorSMB | 21:26 | Og svarar me: «Frå menneskje,» då må me ræddast folket; for alle held Johannes for ein profet.» | |
Matt | NorSMB | 21:27 | So svara dei: «Det veit me ikkje.» «Då vil ikkje eg heller segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette,» svara Jesus. | |
Matt | NorSMB | 21:28 | «Men kva meiner de um det: Det var ein mann som hadde tvo søner. Han kom til den eine og sagde: «Gakk burt i vingarden, og arbeid der i dag, son min!» | |
Matt | NorSMB | 21:30 | So kom faren til den andre, og sagde det same med honom. «Ja, herre, det skal eg,» svara han, men han gjekk ikkje. | |
Matt | NorSMB | 21:31 | Kven av dei tvo gjorde no det faren vilde?» «Den fyrste,» svara dei. Då sagde Jesus til deim: «Det segjer eg dykk for sant: Tollmenner og skjøkjor kjem fyrr inn i Gudsrike enn de. | |
Matt | NorSMB | 21:32 | For Johannes kom til dykk på rettferdsvegen, men de trudde honom ikkje. Tollmennerne og skjøkjorne dei trudde honom; men endå de såg det, kom de ikkje på andre tankar, og trudde honom ikkje då heller. | |
Matt | NorSMB | 21:33 | Høyr no ei onnor likning: Det var ein gong ein husbonde, som laga ein vingard, og sette gjerde kringum, og stelte til ei vinpersa, og bygde eit tårn; so leigde han hagen burt til brukarar og for ut or landet. | |
Matt | NorSMB | 21:34 | Då det no leid til at dei skulde hausta av hagen, sende han sveinarne sine til brukarane etter avlingi han skulde hava. | |
Matt | NorSMB | 21:35 | Men brukarane greip sveinarne hans: ein skamslo dei, og ein drap dei, og ein steina dei. | |
Matt | NorSMB | 21:36 | So sende han andre sveinar, fleire enn fyrste gongen; men dei gjorde like eins med deim. | |
Matt | NorSMB | 21:38 | Men då brukarane såg sonen, sagde dei seg imillom: «Sjå der er ervingen! Kom, lat oss slå honom i hel og eigna til oss arven hans!» | |
Matt | NorSMB | 21:41 | «Med vondt skal han løna desse vonde mennerne,» svara dei; «han skal gjera ende på deim, og vingarden skal han leiga burt til andre brukarar, som gjev han avlingi i rette tid.» | |
Matt | NorSMB | 21:42 | Då sagde Jesus til dei: «Hev de aldri lese i skrifterne: «Den steinen som byggjarane vanda, den var det som vart hyrnestein; D’er Herren sjølv som so hev gjort det; for oss er det eit under stort?» | |
Matt | NorSMB | 21:43 | Difor segjer eg dykk at Gudsriket skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei frukterne som høyrer til der. | |
Matt | NorSMB | 21:44 | Og den som fell på steinen, han skal slå seg sund, men den som steinen fell på, skal han smuldra til dust.» | |
Matt | NorSMB | 21:45 | Då dei øvste prestarne og farisæarane høyrde likningarne hans, skyna dei at det var deim han tala um. | |