PROVERBS
Chapter 10
Prov | NorSMB | 10:1 | Ordtøke av Salomo. Ein vis son er til gleda for far sin, men ein dårleg son er mor si til sorg. | |
Prov | NorSMB | 10:6 | Velsigningar kjem yver hovudet på den rettferdige, men munnen åt dei gudlause gøymer vald. | |
Prov | NorSMB | 10:9 | den som ferdast i uskyld, ferdast trygt, men den som gjeng krokvegar, skal verta kjend. | |
Prov | NorSMB | 10:19 | Der d’er mange ord, vil synd ikkje vanta, men den som set lås for lipporn’, er klok. | |
Prov | NorSMB | 10:24 | Det den ugudlege gruar for, kjem yver han, og det rettferdige ynskjer, vert deim gjeve. | |
Prov | NorSMB | 10:25 | Der stormen hev fare, er den gudlause burte, men den rettvise stend på æveleg grunn. | |