Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ACTS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 7
Acts NorSMB 7:2  Han svara: «Brør og feder, høyr på meg! Herlegdomens Gud openberra seg for far vår, Abraham, då han var i Mesopotamia, fyrr han feste bu i Kharan;
Acts NorSMB 7:3  og han sagde til honom: «Gakk ut frå landet ditt og frå ætti di, og far til det landet som eg skal syna deg!»
Acts NorSMB 7:4  Då gjekk han ut or Kaldæarland og feste bu i Kharan; og då far hans var dåen, let han honom flytja derifrå til dette landet, der de no bur;
Acts NorSMB 7:5  men han gav honom ikkje arvlut der, ikkje ei fotbreidd eingong. Og han lova å gjeva honom det til eiga og hans ætt etter honom, endå han ikkje hadde barn.
Acts NorSMB 7:6  Og Gud tala soleis: «Hans ætt skal bu som utlendingar i framandt land, og dei skal gjera deim til trælar og fara ille med deim i fire hundrad år.
Acts NorSMB 7:7  Og det folket som dei trælar under, vil eg døma,» sagde Gud. «Og so skal dei draga ut og tena meg på denne staden.»
Acts NorSMB 7:8  Og han gav honom umskjeringspakti; og so avla han Isak og umskar honom den åttande dagen, og Isak Jakob, og Jakob dei tolv patriarkarne.
Acts NorSMB 7:9  Og patriarkarne ovundast på Josef og selde honom til Egyptarland. Og Gud var med honom
Acts NorSMB 7:10  og fria honom ut or alle hans trengslor og gav honom nåde og visdom for Farao, egyptarkongen, og han sette honom til hovding yver Egyptarland og heile sitt hus.
Acts NorSMB 7:11  So kom det hunger yver heile Egyptarland og Kana’an, og stor trengsla; og federne våre fann ikkje føda.
Acts NorSMB 7:12  Men då Jakob høyrde at der var korn i Egyptarland, sende han federne våre dit fyrste gongen.
Acts NorSMB 7:13  Og den andre gongen vart Josef attkjend av brørne sine, og Farao lærde å kjenna Josefs ætt.
Acts NorSMB 7:14  Men Josef sende bod og kalla Jakob, far sin, og alt folket sitt dit, fem og sytti sjæler.
Acts NorSMB 7:15  Og Jakob drog ned til Egyptarland, og han døydde, han og federne våre.
Acts NorSMB 7:16  Og dei vart flutte yver til Sikem og lagde i den gravi som Abraham kjøpte for sylv av borni åt Hemor i Sikem.
Acts NorSMB 7:17  Etter som det leid til tidi for den lovnaden som Gud tilsvor Abraham, auka folket seg og vart mannsterkt i Egyptarland,
Acts NorSMB 7:18  alt til det kom ein annan konge yver Egyptarland, som ikkje visste noko um Josef.
Acts NorSMB 7:19  Han for med svikråd mot folket vårt og for ille med federne våre, til dess dei laut setja småborni sine ut, so dei ikkje skulde få liva.
Acts NorSMB 7:20  I den tidi vart Moses fødd, og han var yndeleg for Gud. Og han vart fostra i huset åt far sin i tri månader.
Acts NorSMB 7:21  Men då han vart utsett, tok Faraos dotter honom og fostra honom upp som sin eigen son.
Acts NorSMB 7:22  Og Moses vart upplærd i all egyptar-visdomen; og han var megtig i ord og gjerningar.
Acts NorSMB 7:23  Men då han hadde fyllt fyrti år, fekk han hug til å sjå um brørne sine, Israels-borni.
Acts NorSMB 7:24  Og då han såg at ein leid urett, kom han honom til hjelp og tok hemn for honom som leid yvervald, og slo egyptaren i hel.
Acts NorSMB 7:25  Han tenkte at brørne hans skulde skyna at Gud gav deim frelsa ved hans hand. Men dei skyna det ikkje.
Acts NorSMB 7:26  Dagen etter kom han til deim då dei trætta, og han talde deim til å halda fred og sagde: «Menner, de er brør; kvi gjer de urett mot kvarandre?»
Acts NorSMB 7:27  Men han som gjorde grannen sin urett, støytte honom ifrå seg og sagde: «Kven hev sett deg til hovding og domar yver oss?
Acts NorSMB 7:28  Vil du kanskje slå meg i hel, liksom du slo egyptaren i hel i går?»
Acts NorSMB 7:29  Men Moses flydde for dette ordet skuld og vart ein utlending i Midjans land, og han fekk tvo søner der.
Acts NorSMB 7:30  Og då fyrti år var lidne, synte ein engel seg for honom i øydemarki ved Sinaifjellet i eldslogen i ein klunger.
Acts NorSMB 7:31  Då Moses såg det, undra han seg yver syni. Men då han gjekk burtåt og vilde sjå, kom ei røyst frå Herren:
Acts NorSMB 7:32  «Eg er din fedregud, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.» Men Moses vart skjelvande rædd og torde ikkje sjå på.
Acts NorSMB 7:33  Og Herren sagde til honom: «Løys skorne av føterne dine! for staden du stend på, er heilag jord.
Acts NorSMB 7:34  Eg hev grant set illgjerdi mot mitt folk i Egyptarland og høyrt deira sukk, og eg hev stige ned og vil fria deim ut. Og no, kom! lat meg senda deg til Egyptarland!»
Acts NorSMB 7:35  Denne Moses som dei forneitta og sagde: «Kven hev sett deg til hovding og domar?» honom sende Gud til hovding og utløysar ved den engels hand som synte seg for honom i klungeren.
Acts NorSMB 7:36  Han førde deim ut medan han gjorde under og teikn i Egyptarland og i Raudehavet og i øydemarki i fyrti år.
Acts NorSMB 7:37  Han er den Moses som sagde til Israels-borni: «Ein profet liksom eg skal Herren, dykkar Gud, reisa upp åt dykk av dykkar brør.»
Acts NorSMB 7:38  Han er den som i lyden i øydemarki var med engelen som tala til honom på Sinaifjellet, og med federne våre, han som tok imot livande ord til å gjeva oss.
Acts NorSMB 7:39  Honom vilde federne dykkar ikkje lyda, men dei støytte honom ifrå seg og vende seg i sitt hjarta til Egyptarland, då dei sagde til Aron:
Acts NorSMB 7:40  «Gjer oss gudar, som kann ganga fyre oss! for denne Moses som førde oss ut or Egyptarland - me veit ikkje kva som hev hendt honom.»
Acts NorSMB 7:41  Og dei gjorde ein kalv i dei same dagarne bar offer fram til den avguden, og gledde seg yver det som deira eigne hender hadde gjort.
Acts NorSMB 7:42  Men Gud vende seg burt og yvergav deim til å tena himmelheren, so som det stend skrive i profetboki: «Hev vel de, Israels hus, gjeve meg slagtoffer og andre offer i fyrti år i øydemarki?
Acts NorSMB 7:43  Og de bar med dykk Moloks tjeld og guden Remfans stjerna, dei bilæti som de gjorde for å tilbeda deim. Og eg vil flytja dykk burt på hi sida åt Babylon.»
Acts NorSMB 7:44  Vitnemålstjeldet var hjå federne våre i øydemarki; so som han som tala til Moses, hadde bode å gjera det etter det bilætet han hadde set.
Acts NorSMB 7:45  Dette tok federne våre i arv og førde det inn med Josva i eigedomslandet til dei heidningfolki som Gud dreiv undan for federne våre alt til Davids dagar.
Acts NorSMB 7:46  Han fann nåde for Guds åsyn og bad um at han måtte finna ein bustad åt Jakobs Gud.
Acts NorSMB 7:48  Men den Høgste bur ikkje i hus som er gjorde med hender, som profeten segjer:
Acts NorSMB 7:49  «Himmelen er min kongsstol, og jordi skammel under mine føter. Kva hus vil de byggja meg? segjer Herren, eller kva stad er min kvilestad?
Acts NorSMB 7:51  De harde halsar og u-umskorne på hjarta og øyro! De stend alltid imot den Heilage Ande, som dykkar feder, so de og!
Acts NorSMB 7:52  Kven av profetarne forfylgde ikkje federne dykkar? og dei slo deim i hel, som fyreåt forkynte at den Rettferdige skulde koma, han som de no hev svike og drepe,
Acts NorSMB 7:53  de som fekk lovi gjenom englar og hev ikkje halde henne!»
Acts NorSMB 7:54  Men då dei høyrde dette, skar det deim i hjarta, og dei beit tennerne saman imot honom.
Acts NorSMB 7:55  Men han var full av den Heilage Ande og såg upp mot himmelen, og han såg Guds herlegdom, og Jesus standa ved Guds høgre hand.
Acts NorSMB 7:56  Og han sagde: «Sjå, eg ser himlarne opne og Menneskjesonen standa ved Guds høgre hand!»
Acts NorSMB 7:57  Då skreik dei med høg røyst og heldt for øyro sine og styrmde samlyndt inn på honom.
Acts NorSMB 7:58  Og dei dreiv honom ut utanfor byen og steina honom. Og vitni lagde klædi sine av ved føterne til ein ung mann som heitte Saulus.
Acts NorSMB 7:59  Og dei steina Stefanus, medan han bad og sagde: «Herre Jesus, tak imot mi ånd!»
Acts NorSMB 7:60  Men han fall på kne og ropa med høg røyst: «Herre, tilrekna deim ikkje denne syndi!» Og då han hadde sagt dette, sovna han av.