Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
EXODUS
Prev Up Next
Chapter 39
Exod NorSMB 39:1  Av purpuret og skarlaket og karmesinet gjorde dei embætsskrud til tenesta i heilagdomen og laga den heilage klædbunaden åt Aron, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
Exod NorSMB 39:2  Messehakelen gjorde dei av gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn.
Exod NorSMB 39:3  Dei hamra gullet ut i plator og klypte det upp til tråd, so det kunde virkast inn i purpuret og skarlaket og karmesinet og det kvite lingarnet med kunstvevnad.
Exod NorSMB 39:4  So gjorde dei aksleband til å festa innåt messehakelen; med deim vart han hekta i hop på båe endarne.
Exod NorSMB 39:5  Livgjordi som var på messehakelen og skulde spennast um honom, var like eins vovi og av same tyet - av gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn - soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
Exod NorSMB 39:6  So ferda dei til sjohamsteinarne, og felte deim inn i fatingar av tvinna gull. Namni åt Israels-sønerne var inngravne på deim som på ein seglring,
Exod NorSMB 39:7  og dei vart sette på akslebandi åt messehakelen til minna um Israels-sønerne, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
Exod NorSMB 39:8  So gjorde dei bringeduken. Han var vænt rosa liksom messehakelen, med gull og purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn.
Exod NorSMB 39:9  Firkanta gjorde dei bringeduken og tvilagd; ei spann på lengdi og ei spann på breiddi var han, og tvilagd.
Exod NorSMB 39:10  Og fire rader med dyre steinar sette dei på honom: I ei rad var ein karneol og ein topas og ein smaragd; det var den fyrste radi.
Exod NorSMB 39:11  I den andre radi var ein rubin og ein safir og ein beryll,
Exod NorSMB 39:12  og i den tridje radi ein hyacint og ein agat og ein ametyst,
Exod NorSMB 39:13  og i den fjorde radi ein krysolit og ein sjoham og ein jaspis. Dei vart innfelte i fatingar av tvinna gull.
Exod NorSMB 39:14  Steinarne var so mange som Israels-sønerne, tolv, so dei svara til talet deira, og på kvar stein var namnet åt ei av dei tolv ætterne inngrave som på ein seglring.
Exod NorSMB 39:15  So laga dei lekkjor av skirt gull, slyngde som snorer, til bringeduken.
Exod NorSMB 39:16  Og dei gjorde tvo gullsylgjor og tvo gullringar, og sette ringarne i kvar sitt hyrna på bringeduken.
Exod NorSMB 39:17  Dei tvo gullsnorerne feste dei i dei tvo ringarne som sat i hyrno på bringeduken,
Exod NorSMB 39:18  og dei hine tvo endarne av båe snorerne feste dei i dei tvo sylgjorne, og sylgjorne sette dei på akslebandi åt messehakelen, på framsida.
Exod NorSMB 39:19  So gjorde dei tvo andre gullringar og sette i dei hine tvo hyrno på bringeduken, på den sida som vender inn imot messehakelen.
Exod NorSMB 39:20  Og endå tvo gullringar gjorde dei og sette på båe akslebandi åt messehakelen, nedantil på framsida, der som han var hekta i hop, ovanfor livgjordi,
Exod NorSMB 39:21  og so batt dei med ei purpursnor ringarne på bringeduken i hop med ringarne på messehakelen, so bringeduken sat ovanfor livgjordi og ikkje kunde rikkast frå messehakelen, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
Exod NorSMB 39:22  So gjorde dei prestekjolen, som var til å bera under messehakelen; han var voven og all igjenom av purpur.
Exod NorSMB 39:23  Midt på honom var det eit halssmog som på ei brynja, og kringum halssmoget ei borda, so han ikkje skulde rivna.
Exod NorSMB 39:24  I falden på kjolen sette dei duskar, på gjerd som granateple, av tvinna purpurgarn og skarlak og karmesin,
Exod NorSMB 39:25  so gjorde dei bjøllor av skirt gull og sette rundt ikring på kjolefalden, millom duskarne:
Exod NorSMB 39:26  fyrst ei bjølla og ein dusk, so ei bjølla og ein dusk att, og soleis rundt heile kjolefalden, til å bruka ved gudstenesta, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
Exod NorSMB 39:27  So gjorde dei vovne underkjolar av fint lin til Aron og sønerne hans,
Exod NorSMB 39:28  og ei kvit linhuva, og prydelege hovudplagg av kvitt lin, og lereftsbrøker av kvitt tvinna lingarn,
Exod NorSMB 39:29  og ei livgjord med rosor av kvitt tvinna lingarn og purpur og skarlak og karmesin, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
Exod NorSMB 39:30  So gjorde dei gullspongi, det heilage hovudgullet, og på den grov dei inn, som i ein seglring: «Vigd åt Herren,»
Exod NorSMB 39:31  og dei sette ei purpursnor i henne, og feste henne ovantil på huva, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
Exod NorSMB 39:32  No var det ferdigt alt det som skulde arbeidast åt møtetjeldhuset, og Israels-folket hadde i eitt og alt gjort det soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
Exod NorSMB 39:33  So kom dei då til Moses med huset: tjeldet med alt det som høyrde til det: krokarne og plankarne og tverrstokkarne og stolparne og stabbarne
Exod NorSMB 39:34  og det raudlita verskinnstaket og markuskinns-taket og forhengtæpet,
Exod NorSMB 39:36  bordet med alle dei ting som høyrde til det, og skodebrødi,
Exod NorSMB 39:37  gull-ljosestaken med lamporne som var sette i rad og alt anna som høyrde til,
Exod NorSMB 39:38  gullaltaret og salvingsoljen og den angande røykjelsen og tæpet til tjelddøri,
Exod NorSMB 39:39  koparaltaret med kopargrindi og berestengerne og alt anna som høyrde attåt, balja og foten ho skulde standa på,
Exod NorSMB 39:40  lereftsgarden til tunet med stolparne og stabbarne som høyrde til og tæpet til tunporten og togi og pålarne og alt det som skulde brukast til den heilage tenesta i gudshuset, i møtetjeldet,
Exod NorSMB 39:41  embætsskrudet til tenesta i heilagdomen, den heilage klædebunaden til Aron, presten, og messeklædi til sønerne hans.
Exod NorSMB 39:42  Som Herren hadde sagt Moses fyre, heiltupp soleis hadde Israels-folket gjort alt arbeidet.
Exod NorSMB 39:43  Og Moses skoda heile verket, og då han såg at det var ferdigt, og at dei i alle måtar hadde gjort det soleis som Herren hadde sagt, so velsigna han deim.