JOSHUA
Chapter 19
Josh | NorSMB | 19:1 | Den andre luten fall på Simeon, på Simeons-sønerne og ættgreinerne deira. Det landet dei fekk, låg midt i Judafylket. | |
Josh | NorSMB | 19:8 | og alle bygderne som låg ikring desse byarne, alt til Ba’alat-Be’er, eller Rama, i Sudlandet. Dette var odelsjordi åt Simeons-ætti og greinerne hennar. | |
Josh | NorSMB | 19:9 | Dei fekk odelseiga si i det landet som var mælt ut til Juda-sønerne. Den luten som fall på Juda-sønerne, vart for stor åt deim; difor var det at Simeons-sønerne fekk landet sitt midt i deira land. | |
Josh | NorSMB | 19:10 | Den tridje luten fall på Sebulons-sønerne og ættgreinerne deira. Det landet dei fekk, rakk til Sarid. | |
Josh | NorSMB | 19:11 | Fylkesdeilet gjekk i vest upp til Marala, gjekk frammed Dabbeset og nådde den bekken som renn austanfor Jokneam. | |
Josh | NorSMB | 19:12 | I aust, der soli kjem upp, vende det seg frå Sarid burt imot Kislot-Taborbygdi, heldt fram til Daberat og gjekk upp til Jafia. | |
Josh | NorSMB | 19:13 | Derifrå tok det, på solsida, austsida, yver til Gat-Hefer og Et-Kasin, heldt fram til Rimmon og svinga burt til Nea. | |
Josh | NorSMB | 19:15 | I Sebulonsfylket låg og Kattat og Nahalal og Simron og Jidala og Betlehem; i alt var der tolv byar med grender ikring. | |
Josh | NorSMB | 19:16 | Dette var det landet Sebulons-sønerne og ættgreinerne deira fekk til odel og eiga med byar og bygdar. | |
Josh | NorSMB | 19:17 | Issakar var det som fekk den fjorde luten, Issakars-sønerne og ættgreinerne deira. | |
Josh | NorSMB | 19:22 | Fylkesdeilet snart innåt Tabor og Sahasuma og Bet-Semes, og enda i Jordan. I alt var der sekstan byar med grender ikring. | |
Josh | NorSMB | 19:23 | Dette var det landet som Issakars-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga, med byar og bygder. | |
Josh | NorSMB | 19:27 | i aust tok det leidi til Bet-Dagon og gjekk so nordetter frammed Sebulonsfylket og Jiftaheldalen til Bet-ha-Emek og Ne’iel; sidan heldt det fram på vinstre hand til Kabul | |
Josh | NorSMB | 19:29 | So vende deilet seg mot Rama, og heldt fram til Tyrusborgi; der ifrå tok det leidi til Hos, og gjekk ut i havet ikkje langt frå Akzib. | |
Josh | NorSMB | 19:30 | Umma og Afek og Rehob låg og i dette fylket. I alt var der tvo og tjuge byar med grender ikring. | |
Josh | NorSMB | 19:31 | Dette var det landet som Assers-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga, med byar og bygder. | |
Josh | NorSMB | 19:32 | På Naftali-sønerne fall den sette luten, på Naftali-sønerne og ættgreinerne deira. | |
Josh | NorSMB | 19:33 | Fylkesdeilet deira gjekk frå Helef, frå Besa’annim-eiki, um Adami-Hannekeb og Jabne’el, heldt fram til Lakkum, og gjekk ut i Jordan. | |
Josh | NorSMB | 19:34 | So vende deilet seg vestetter til Aznot-Tabor, og heldt fram til Hukkok. I sud skifte dei med Sebulon, og i vest med Asser; i aust fylgde skiftelina Jordan. | |
Josh | NorSMB | 19:38 | og Jiron og Migdal-El, Horem og Bet-Anat og Bet-Semes. I alt var der nittan byar med grender ikring. | |
Josh | NorSMB | 19:39 | Dette var det landet Naftali-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga med byar og bygder. | |
Josh | NorSMB | 19:47 | Men Danseiga rakk vidare enn so: Dans-sønerne for nordetter, og tok på Lesem-buarne; dei vann landet deira, og øydde det med odd og egg; sidan lagde dei det under seg og vart buande der; og i staden for Lesem kalla dei bygdi Dan etter ættefaren sin. | |
Josh | NorSMB | 19:48 | Dette var det landet Dans-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga med byar og bygder. | |
Josh | NorSMB | 19:49 | Då Israels-sønerne vel hadde skift ut heile Kana’ans-landet, so vidt som det var, let dei Josva Nunsson få ei odelseiga millom seg; | |
Josh | NorSMB | 19:50 | dei gav honom, etter Herrens bod, den byen han bad um, Timnat-Serah på Efraimsfjellet; og han bygde upp byen, og busette seg der. | |