Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
LEVITICUS
Prev Up Next
Chapter 11
Levi NorSMB 11:1  Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde med deim:
Levi NorSMB 11:2  «Tala til Israels-folket og seg: «Høyr no kva det er for nokre de må eta av alle dei firføtte dyri som liver på jordi:
Levi NorSMB 11:3  Alle dyr som hev klauver og jortar, deim kann de eta.
Levi NorSMB 11:4  Det er berre desse de ikkje må eta av deim som jortar og av dei som hev klauver: kamelen, for han jortar, men hev ikkje klauver; han skal vera urein for dykk,
Levi NorSMB 11:5  og bergtassen, for han og jortar, men hev ingi klauver; han skal vera urein for dykk,
Levi NorSMB 11:6  og haren, for um han jortar, so hev han ikkje klauver han heller; han skal vera urein for dykk,
Levi NorSMB 11:7  og svinet, for det hev klauver, men det jortar ikkje; det skal vera ureint for dykk.
Levi NorSMB 11:8  Kjøtet deira må de ikkje eta, og er dei daude, so må de ikkje røyva deim; dei skal vera ureine for dykk.
Levi NorSMB 11:9  Høyr so kva de må eta av det som er i vatnet: Alt som er i vatnet, i havet og i elvarne, og hev uggar og reist, kann de eta.
Levi NorSMB 11:10  Men slikt som ikkje hev uggar og reist av alt det som finst i hav eller å, av alt det som yrer i vatnet, alle kvikjende som held til der, det skal vera ein styggedom for dykk.
Levi NorSMB 11:11  Ein styggedom skal dei vera for dykk; kjøtet deira må de ikkje eta, og er dei daude, so skal de styggjast ved kropparne deira.
Levi NorSMB 11:12  Alt i vatnet som ikkje hev uggar og reist, skal vera ein styggedom for dykk.
Levi NorSMB 11:13  Høyr no og kva det er for fuglar de skal hava stygg til og ikkje må eta, av di dei er ufysne: Ørnen og gribben og sjøørnen
Levi NorSMB 11:16  og strussen og gauken og måsen og alle haukeslag
Levi NorSMB 11:19  og storken og heidloi med alle andre fuglar av same ætti, og herfuglen og skinnvengja.
Levi NorSMB 11:20  Alt krek som hev vengjer og krabbar på marki, skal vera ein styggedom for dykk:
Levi NorSMB 11:21  Av alt sovore krek må de ikkje eta anna enn det som ovanfor bakføterne hev leggjer til å hoppa på marki med.
Levi NorSMB 11:22  Av det kann de eta dei slagi som dei kallar fljugaren og slukaren og springaren og sprettaren.
Levi NorSMB 11:23  Men alt anna krek som hev vengjer og krabbar på marki, skal vera ein styggedom for dykk.
Levi NorSMB 11:24  No skal eg segja dykk kva det er for dyr de vert ureine av - den som kjem nær kroppen deira etter dei er daude, han er urein alt til kvelds,
Levi NorSMB 11:25  og den som hev bore på slik ein daud kropp, lyt två klædi sine, og er urein alt til kvelds -:
Levi NorSMB 11:26  Alle dyr som hev høver, og ikkje klauver, og som ikkje jortar, skal vera ureine for dykk; den som kjem nær deim, vert urein.
Levi NorSMB 11:27  Og alle firføtte dyr som gjeng på labbar, skal vera ureine for dykk; den som kjem nær deim når dei er daude, han er urein alt til kvelds,
Levi NorSMB 11:28  og den som hev bore på slikt eit daudt dyr, lyt två klædi sine, og er urein alt til kvelds. Ureine skal dei vera for dykk.
Levi NorSMB 11:29  Av alle smådyr som røyver seg på jordi er det fyrst og fremst desse som skal vera ureine for dykk: Røysekatten og musi og alle fjorføtleslag,
Levi NorSMB 11:30  og bustyvelen og vonden og padda og snigelen og litkvervingen.
Levi NorSMB 11:31  Deim skal de halda for dei ureinaste av alle smådyr; den som kjem nær deim når dei er daude, er urein alt til kvelds.
Levi NorSMB 11:32  Og alt det som dei dyri dett ned på når dei daudar, vert ureint, både trekoppar og klæde og skinn og sekkjer og kva det elles er som vert nytta i huset; det skal leggjast i vatn, og er ureint alt til kvelds; sidan er det reint.
Levi NorSMB 11:33  Dett eit av dyri ned i ein leirkopp, so vert alt det som er i koppen ureint, og han skal slåast sund.
Levi NorSMB 11:34  All mat som folk et, og som vert tillaga med vatn, og alt drikka som folk drikk, vert ureint, kva kjerald det er i.
Levi NorSMB 11:35  Alt det som slik ein daud kropp dett ned i, vert ureint; er det ein bakaromn eller ei eisa, so skal dei rivast ned; dei er ureine, og skal vera ureine for dykk.
Levi NorSMB 11:36  Berre kjeldor og brunnar som det renn vatn åt, er like reine; men den som tek i den daude kroppen som ligg der, vert urein.
Levi NorSMB 11:37  Dett dyret ned i korn som skal vera til såfrø, so er kornet like reint,
Levi NorSMB 11:38  men hev dei havt vatn på det, og det so dett slikt eit daudt dyr ned i, so skal kornet vera ureint for dykk.
Levi NorSMB 11:39  Daudar noko av dei dyri som skal vera til føda for dykk, so er den som kjem nær skrotten deira urein alt til kvelds,
Levi NorSMB 11:40  den som hev ete av kjøtet deira, lyt två klædi sine, og er urein alt til kvelds, og den som hev bore på den daude skrotten, lyt og två klædi sine og er urein alt til kvelds.
Levi NorSMB 11:41  Alt kreket som krelar på marki, er ein styggedom, og må ikkje etast.
Levi NorSMB 11:42  Korkje det som skrid på buken, eller det som gjeng på fire eller fleire føter, må de eta; for det er ufyse.
Levi NorSMB 11:43  Gjer dykk ikkje sjølve ufysne med noko av det krelande kreket, og sulka dykk ikkje med det, so de vert ureine!
Levi NorSMB 11:44  Eg, Herren, er dykkar Gud, og de skal helga dykk og vera heilage; for eg er heilag; de skal ikkje sulka dykk sjølve med noko av det kreket som krabbar på marki.
Levi NorSMB 11:45  Kom i hug: Eg er Herren, som førde dykk ut or Egyptarlandet og vil vera dykkar Gud, og de skal vera heilage; for eg er heilag.
Levi NorSMB 11:46  Dette er lovi um dyri og fuglarne og alt det livande som leikar i vatnet, og alle dei kvikjende som yrer på jordi,
Levi NorSMB 11:47  so de kann skilja det reine frå det ureine, og dei dyri som kann etast frå deim, som ikkje må etast.»»