LUKE
Chapter 7
Luke | NorSMB | 7:1 | So tala Jesus, og folket lydde på honom; då han hadde tala til endes, gjekk han inn i Kapernaum. | |
Luke | NorSMB | 7:2 | Ein hovudsmann hadde ein dreng som låg so sjuk at det leid åt med honom, og den drengen heldt han svært gjæv. | |
Luke | NorSMB | 7:3 | Han hadde høyrt um Jesus, og no sende han nokre av rådsmennerne åt jødarne til honom, og bad at vilde koma og berga livet åt drengen. | |
Luke | NorSMB | 7:4 | Då dei kom til Jesus, bad dei honom so mykje at han skulde gjera det. «Han er verd at du gjer dette for honom,» sagde dei; | |
Luke | NorSMB | 7:6 | Jesus gjekk med deim; men då han ikkje hadde langt att til huset, sende hovudsmannen nokre vener til honom med det bodet: «Herre, du skal ’kje umaka deg! Eg er for ring til at du skulde stiga inn under taket mitt; | |
Luke | NorSMB | 7:7 | difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men seg eit ord, so guten min vert god att! | |
Luke | NorSMB | 7:8 | For eg er og ein mann som må lyda deim som større er, og sjølv hev eg hersveinar under meg, og segjer eg til ein av deim: «Gakk!» so gjeng han, og til ein annan: «Kom!» so kjem han, og til tenaren min: «Gjer det!» so gjer han det.» | |
Luke | NorSMB | 7:9 | Då Jesus høyrde det, undra han seg yver mannen; han snudde seg, og sagde til folket som fylgde honom: «Det segjer eg dykk: Ikkje ein gong i Israel hev eg funne so stor ei tru.» | |
Luke | NorSMB | 7:10 | Då dei som hovudsmannen hadde sendt, kom attende til huset hans, fekk dei sjå at drengen var god att. | |
Luke | NorSMB | 7:11 | Snart etter bar det so til at Jesus for til ein by som heiter Nain, og læresveinarne hans og ein stor folkehop var med honom. | |
Luke | NorSMB | 7:12 | Då han kom nær innåt byporten, såg han at liket av ein ung mann vart bore ut; det var einaste sonen åt ei enkja; og mykje folk frå byen var med henne. | |
Luke | NorSMB | 7:13 | Då Herren vart var enkja, tykte han hjarteleg synd um henne og sagde til henne: «Gråt ikkje!» | |
Luke | NorSMB | 7:14 | Han gjekk innåt og tok i båri, og dei som bar, stana. So sagde han: «Unge mann, eg segjer deg: Statt upp!» | |
Luke | NorSMB | 7:15 | Og med ein gong reiste den daude seg upp og tok til å tala, og han gav honom åt mori. | |
Luke | NorSMB | 7:16 | Då vart alle tekne av otte; dei lova Gud og sagde: «Ein stor profet hev stade fram millom oss!» og: «Gud hev vitja sitt folk!» | |
Luke | NorSMB | 7:18 | Alt dette fekk Johannes bod um av læresveinarne sine. Då kalla han tvo av deim til seg, | |
Luke | NorSMB | 7:19 | og sende deim til Herren med dei ordi: «Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?» | |
Luke | NorSMB | 7:20 | Då mennerne kom til Jesus, sagde dei: «Johannes, døyparen, sender oss til deg og spør: «Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?»» | |
Luke | NorSMB | 7:21 | I same bilet lækte han mange for sjukdomar og plågor og vonde ånder, og mange blinde gav han syni; | |
Luke | NorSMB | 7:22 | so svara han deim: «Gakk og ber bod til Johannes um det de hev set og høyrt: Blinde fær att syni si, halte gjeng ikring, spilte vert reine, dauve høyrer, daude stend upp att, og fatige fær høyra fagnadbodet; | |
Luke | NorSMB | 7:24 | Då ærendsveinarne åt Johannes var gjengne, tok Jesus til å tala til folket um Johannes: «Kvi gjekk de ut i øydemarki? Vilde de sjå på ei røyr som svagar att og fram i vinden? | |
Luke | NorSMB | 7:25 | Kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein mann som er klædd i fine klæde? Nei, dei som er gildt klædde og liver sine dagar i ovlivnad, dei held til i kongeslotti. | |
Luke | NorSMB | 7:26 | Men kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein profet? Ja, segjer eg dykk, og det ein som er meir enn profet. | |
Luke | NorSMB | 7:27 | Det er um honom det er skrive: «Framfyre deg min ærendsvein eg sender; der du vil fara, skal han vegen rydja.» | |
Luke | NorSMB | 7:28 | Eg segjer dykk: Det finst ingen større profet millom menneskjeborni enn Johannes; og endå er den minste i Guds rike større enn han. | |
Luke | NorSMB | 7:29 | Og alt folket som høyrde honom, tollmennerne med, gav Gud rett og tok imot dåpen åt Johannes; | |
Luke | NorSMB | 7:30 | men farisæarane og dei lovkunnige gjorde Guds råd til inkjes for seg, og tok ikkje imot dåpen hans. | |
Luke | NorSMB | 7:32 | Dei likjest borni som sit på torget og ropar til kvarandre: «Me let i fløyta åt dykk, og de dansa ikkje; me song eit syrgjekvæde, og de gret ikkje.» | |
Luke | NorSMB | 7:33 | For Johannes døyparen er komen; han et ikkje brød og drikk ikkje vin, og so segjer de: «Han er forgjord!» | |
Luke | NorSMB | 7:34 | Menneskjesonen er komen; han et og drikk, og so segjer de: «Sjå for ein etar og drikkar! Han er godvener med tollmenner og syndarar!» | |
Luke | NorSMB | 7:36 | Ein av farisæarane bad honom eta hjå seg, og Jesus gjekk heim til honom og sette seg til bords. | |
Luke | NorSMB | 7:37 | No var det der i byen ei kvinna som hadde livt eit syndefullt liv; då ho fekk vita at han sat til bords hjå farisæaren, kom ho med ei alabaster-krukka full av myrrasalve | |
Luke | NorSMB | 7:38 | og sette seg gråtande nedmed føterne hans; so tok ho til å væta føterne hans med tårorne sine, og turka deim med håret sitt; og ho kysste føterne hans og smurde deim med myrrasalven. | |
Luke | NorSMB | 7:39 | Då farisæaren som hadde bede honom til seg såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, so visste han kva det er for ei kvinna som tek i honom, og kva slag menneskje ho er, at ho er ei syndefull kvinna.» | |
Luke | NorSMB | 7:40 | Då tok Jesus til ords og sagde til honom: «Simon, det er noko eg vil segja deg!» - «Tala, meister!» sagde han. | |
Luke | NorSMB | 7:41 | «Det var tvo som stod i skuld til ein utlånar; den eine var skuldig hundrad dalar, den andre ti. | |
Luke | NorSMB | 7:42 | Men dei hadde ikkje noko å greida for seg med, og so ettergav han deim båe skuldi. Kven av deim vil no elska honom mest?» | |
Luke | NorSMB | 7:43 | «Eg tenkjer, den som han ettergav mest,» svara Simon. «Du dømde rett,» sagde Jesus. | |
Luke | NorSMB | 7:44 | So snudde han seg mot kvinna og sagde til Simon: «Du ser denne kvinna! Eg kom inn i ditt hus - du gav meg ikkje vatn til føterne mine, men ho vætte føterne mine med tåror, og turka deim med håret sitt; | |
Luke | NorSMB | 7:45 | du gav meg ingen kyss, men ho hev halde ved og kysst føterne mine frå den stund eg kom inn; | |
Luke | NorSMB | 7:47 | For den skuld segjer eg deg: Tilgjevne er dei mange synderne hennar; difor er det ho elskar so mykje; men den som lite vert tilgjeve, elskar lite.» | |
Luke | NorSMB | 7:49 | Dei som sat med til bords, tok til å tenkja med seg: «Kven er han, som jamvel tilgjev synder?» | |