Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MATTHEW
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 14
Matt NorSMB 14:1  Ved det leitet fekk Herodes, fylkeskongen, høyra gjetordet um Jesus.
Matt NorSMB 14:2  Då sagde han til mennerne sine: «Det er Johannes, døyparen! No hev han stade upp frå dei daude; difor ter det seg so underfulle krafter i honom.»
Matt NorSMB 14:3  Herodes hadde teke Johannes og lagt honom i bolt og jarn for Herodias skuld, kona åt Filip, bror hans.
Matt NorSMB 14:4  For Johannes hadde sagde til honom: «Du må ikkje hava henne.»
Matt NorSMB 14:5  Og Herodes vilde helst ha slege honom i hel, men han torde ikkje for folket; for dei heldt honom for ein profet.
Matt NorSMB 14:6  So var det årmålsdagen åt Herodes; og dotter åt Herodias dansa for deim, og Herodes tykte so godt um henne,
Matt NorSMB 14:7  at han lova og svor ho skulde få kva ho bad um.
Matt NorSMB 14:8  Då fekk mori henne til å segja: «Gjev meg hovudet åt Johannes døyparen, her, på eit fat!»
Matt NorSMB 14:9  Kongen vart ille ved, men for di han hadde svore, og for gjesterne skuld, sagde han at dei skulde lata henne få det;
Matt NorSMB 14:10  og han sende ut folk og let dei hogga hovudet av Johannes i fengslet.
Matt NorSMB 14:11  So kom dei med hovudet hans på eit fat og gav det til gjenta, og ho gjekk til mor si med det.
Matt NorSMB 14:12  Og læresveinarne hans kom og tok liket og bar honom til gravi; sidan gjekk dei til Jesus med bod um det som var hendt.
Matt NorSMB 14:13  Då Jesus høyrde det, for han i ein båt burt til ein øydestad, so han kunde få vera åleine; men folket fekk spurt det og fylgde etter honom landveges frå byarne.
Matt NorSMB 14:14  Då han steig i land, fekk han sjå ein stor folkehop, og han tykte hjarteleg synd i deim, og lækte deim som var sjuke.
Matt NorSMB 14:15  Då det leid til kvelds, gjekk læresveinarne burt til honom og sagde: «Det er audt her, og dagen lid; send folket frå deg, so dei kann ganga burt i grenderne og kjøpa seg mat!»
Matt NorSMB 14:16  «Dei treng ikkje ganga burt,» sagde Jesus; «gjev de deim mat!»
Matt NorSMB 14:17  «Me hev ’kje her anna fem brødleivar og tvo fiskar,» svara dei.
Matt NorSMB 14:19  So bad han folket setja seg i graset, og tok dei fem brødleivarne og dei tvo fiskarne, og såg upp imot himmelen og velsigna deim, og so braut han brødet og gav det til læresveinarne, og læresveinarne gav det til folket.
Matt NorSMB 14:20  Alle åt og vart mette, og då dei samla upp dei stykki som att var, so vart det tolv fulle korger.
Matt NorSMB 14:21  Og det var um lag fem tusund mann som hadde ete, umfram kvinnor og born.
Matt NorSMB 14:22  Med same dette var gjort, nøydde han læresveinarne til å ganga i båten og fara fyre seg yver sjøen, med han bad farvel med folket.
Matt NorSMB 14:23  Då han so hadde sendt folket frå seg, gjekk han upp i fjellet, so han kunde vera for seg sjølv og beda, og etter det var avdaga, var han der einsleg.
Matt NorSMB 14:24  Båten var alt midt utpå sjøen og tevla hardt i bylgjorne; for vinden var imot.
Matt NorSMB 14:25  Då, i den fjorde nattevakti, kom han gangande burtimot deim yver sjøen;
Matt NorSMB 14:26  og då læresveinarne såg han ganga på sjøen, vart dei forfærde og sagde: «Det er eit skrymt!» og dei var so rædde at dei skreik.
Matt NorSMB 14:27  Men i det same tala han til deim og sagde: «Ver hugheile! Det er eg. Ver ikkje rædde!»
Matt NorSMB 14:28  Då tok Peter til ords og sagde: «Herre, er det du, so seg at eg skal koma til deg på vatnet!»
Matt NorSMB 14:29  «Kom du!» svara han. So steig Peter ut or båten og gjekk burtyver vatnet og vilde møta Jesus.
Matt NorSMB 14:30  Men då han såg det harde veret, vart han rædd, og tok til å søkka. Då ropa han: «Herre, frels meg!»
Matt NorSMB 14:31  Og med det same rette Jesus ut handi og greip honom og sagde: «Kor lite tru du hev! Kvi tvila du?»
Matt NorSMB 14:33  Og dei som var i båten, fall på kne for honom og sagde: «Ja, sanneleg er du Guds Son!»
Matt NorSMB 14:34  Då dei var komne yver, lagde dei til lands i Gennesaret.
Matt NorSMB 14:35  Folket der i bygdi kjende honom att, og sende bod kringum i heile grannelaget. Då kom dei til honom med alle som hadde vondt,
Matt NorSMB 14:36  og dei bad um dei berre måtte få taka i falden på kjolen hans, og alle som kom nær honom, vart gode att.