Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 15
Prov NorSMB 15:1  Mildt svar døyver harm, men eit kvast ord vekkjer vreide.
Prov NorSMB 15:2  Tunga åt vismenner gjev god kunnskap, men narreskap gøyser or munnen på dårar.
Prov NorSMB 15:3  Allstad hev Herren augo sine, dei ser etter vonde og gode.
Prov NorSMB 15:4  Linnmælt tunga er livsens tre, men range tunga gjev hjartesår.
Prov NorSMB 15:5  Ein uviting vanvyrder far sin’s age, men den som agtar på refsing, vert klok.
Prov NorSMB 15:6  Rettferdig manns hus eig stor rikdom, men d’er ugreida med ugudleg manns inntekt.
Prov NorSMB 15:7  Vismanns-lippor strår ut kunnskap, men so er ei med dårehjarta.
Prov NorSMB 15:8  Gudløysings offer er ei gruv for Herren, men bøn frå ærlege han likar godt.
Prov NorSMB 15:9  Gudløysings veg er ei gruv for Herren, men han elskar den som renner etter rettferd.
Prov NorSMB 15:10  Hard refsing fær den som gjeng ut av vegen, den som hatar age, skal døy.
Prov NorSMB 15:11  Helheim og avgrunn ligg i dagen for Herren, kor mykje meir då menneskje-hjarto.
Prov NorSMB 15:12  Spottaren likar ikkje at ein lastar honom, til vismenner gjeng han ikkje.
Prov NorSMB 15:13  Gladværugt hjarta gjer andlitet ljost, men modet vert brote i hjartesorg.
Prov NorSMB 15:14  Vitug manns hjarta søkjer kunnskap, men dåremunn fer berre med narreskap.
Prov NorSMB 15:15  Alle ein armings dagar er vonde, men den glade i hjarta hev gjestebod alltid.
Prov NorSMB 15:16  Betre er lite med otte for Herren enn eigedom stor med uro attåt.
Prov NorSMB 15:17  Betre ei nista av kål med kjærleik til enn gjødde uksen med hat attåt.
Prov NorSMB 15:18  Brålyndt mann valdar trætta, men den toluge stiller kiv.
Prov NorSMB 15:19  Vegen for letingen er som eit klungergjerde, men stigen er brøytt for dei ærlege.
Prov NorSMB 15:20  Ein vis son gjer far sin gleda, men eit dårlegt menneskje vanvyrder mor si.
Prov NorSMB 15:21  Dårskap er gleda for vitlaus mann, men ein vitug mann gjeng beint fram.
Prov NorSMB 15:22  Råder vert til inkjes utan rådleggjing, men med mange rådgjevarar kjem dei i stand.
Prov NorSMB 15:23  Mannen gled seg når munnen kann svara, og eit ord i rette tid, kor godt det er!
Prov NorSMB 15:24  Den vituge gjeng livsens veg uppetter, for han vil sleppa burt frå helheimen der nede.
Prov NorSMB 15:25  Herren riv huset ned for dei ovmodige, men for enkja let han merkesteinen standa.
Prov NorSMB 15:26  Vonde tankar er ei gruv for Herren, men milde ord er reine.
Prov NorSMB 15:27  Den vinnekjære fær sitt hus i ulag, men den som hatar mutor, han skal liva.
Prov NorSMB 15:28  Rettferdig tenkjer i sitt hjarta korleis han skal svara, men gudlause let vondskap gøysa ut or munnen.
Prov NorSMB 15:29  Langt er Herren burte frå dei gudlause, men bøni frå rettferdige han høyrer.
Prov NorSMB 15:30  Ljos i augo hjarta gled, tidend god gjev merg i beini.
Prov NorSMB 15:31  Det øyra som høyrer på rettleiding til livet, held seg gjerne med vismenn i lag.
Prov NorSMB 15:32  Den som vandar age, vanvyrder si sjæl, den som høyrer på rettleiding, vinn seg vit.
Prov NorSMB 15:33  Otte for Herren er age til visdom, og fyre æra gjeng andmykt.