MATTHEW
Chapter 15
Matt | NorSMB | 15:2 | «Kvi bryt læresveinarne dine dei skikkarne me hev etter dei gamle? dei tvær ikkje henderne fyrr dei gjeng til bords!» | |
Matt | NorSMB | 15:4 | Gud hev sagt: «Du skal æra far din og mor di!» og: «Den som bannar far sin eller mor si, skal døy!» | |
Matt | NorSMB | 15:5 | Men de segjer: «Når ein talar so til far sin eller mor si: «Det som eg kunde ha hjelpt deg med, lyt eg gjeva til templet,» so tarv han ikkje æra foreldri sine.» | |
Matt | NorSMB | 15:10 | So kalla han folket hitåt seg og sagde til deim: «Høyr etter, og tenk på det eg segjer!» | |
Matt | NorSMB | 15:11 | Det er ’kje det som kjem inn i munnen som gjer menneskja urein, men det som gjeng ut or munnen, det er det som gjer menneskja urein! | |
Matt | NorSMB | 15:12 | Då gjekk læresveinarne fram og sagde til honom: «Veit du at farisæarane vart arge då dei høyrde det du sagde?» | |
Matt | NorSMB | 15:13 | Han svara: «Kvar plante som ikkje far min i himmelen hev sett, skal rivast upp med rot. | |
Matt | NorSMB | 15:14 | Bry dykk ikkje um deim! Dei er blinde vegleidarar for blinde; og når ein blind leider ein blind, so dett dei båe i grefti.» | |
Matt | NorSMB | 15:17 | «Skynar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, gjeng ned i magen, og fer ut der det skal? | |
Matt | NorSMB | 15:19 | for frå hjarta kjem vonde tankar: manndråp, egteskapsbrot, lauslivnad, tjuvskap, range vitnemål, gudsspotting. | |
Matt | NorSMB | 15:20 | Det er det som gjer menneskja urein; men å eta med utvegne hender gjer ikkje menneskja urein. | |
Matt | NorSMB | 15:22 | Då kom det ei kananæisk kona ut frå dei grenderne og ropa: «Herre, Davids son, gjer sælebot på meg! Dotter mi er so ille plåga av ei vond ånd.» | |
Matt | NorSMB | 15:23 | Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinarne fram og bad honom: «Kjære, få henne frå deg! Ho ropar so etter oss.» | |
Matt | NorSMB | 15:26 | Men han svara: «Det er ’kje vænt å taka brødet frå borni og kasta det for hund-ungarne.» | |
Matt | NorSMB | 15:27 | «Det er sant, Herre,» sagde ho, «men hund-ungarne et då av dei molarne som fell frå bordet åt herrarne deira.» | |
Matt | NorSMB | 15:28 | Då svara Jesus: «Stor er trui di, kona! Du skal få det som du vil.» Og dotter hennar vart god att i same stundi. | |
Matt | NorSMB | 15:29 | So for Jesus burt derifrå og kom til Galilæasjøen, og han gjekk upp i fjellet og sette seg der. | |
Matt | NorSMB | 15:30 | Då kom dei til honom i store flokkar, og hadde med seg halte og blinde og mållause og kryplingar og mange andre, og lagde deim ned for føterne hans, og han gjorde dei gode att, | |
Matt | NorSMB | 15:31 | so folket undra seg då dei såg at mållause tala, og kryplingar vart friske og føre, og halte gjekk ikring, og blinde såg; og dei lova Israels Gud. | |
Matt | NorSMB | 15:32 | Då kalla Jesus læresveinarne til seg og sagde: Eg tykkjer hjarteleg synd i folket; for no hev dei alt vore hjå meg i tri dagar, og dei hev ’kje noko å eta; og ikkje vil eg senda deim fastande frå meg; for då kunde dei ormegtast på vegen.» | |
Matt | NorSMB | 15:33 | Læresveinarne svara: «Kor skal me her i øydemarki få brød nok til å metta so stor ein hop?» | |
Matt | NorSMB | 15:34 | «Kor mykje brød hev de?» spurde Jesus. «Sju leivar,» sagde dei, «og nokre få småfiskar.» | |
Matt | NorSMB | 15:36 | og han tok dei sju leivarne og fiskarne, og takka, og bytte deim sund og gav det til læresveinarne, og læresveinarne gav det til folket. | |
Matt | NorSMB | 15:37 | Då alle hadde ete og var mette, samla dei upp dei stykki som att var; det var sju fulle korger. | |