Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next
Chapter 24
Prov NorSMB 24:1  Misunn ikkje vonde menneskje, og hav ikkje hug til å vera med deim.
Prov NorSMB 24:2  For hjarta deira tenkjer på vald, og um ulukka talar lipporne deira.
Prov NorSMB 24:3  Med visdom byggjer ein hus, og med vit grunngfester ein det,
Prov NorSMB 24:4  og med kunnskap fær ein romi fulle av alle slag dyre og gilde ting.
Prov NorSMB 24:5  Ein vis mann er sterk, og ein kunnig er veldug i kraft.
Prov NorSMB 24:6  Klok styring skal du bruka når du fører krig, hev du mange rådvise menn gjeng det godt.
Prov NorSMB 24:7  Visdom heng for høgt for fåmingen, i porten let han ikkje upp sin munn.
Prov NorSMB 24:8  Den som tenkjer på å gjere vondt, honom kallar me ein fuling.
Prov NorSMB 24:9  Synd er dårskaps råd, og spottaren er ei gruv for folk.
Prov NorSMB 24:10  Misser du modet når trengsla kjem, då er di kraft for trong.
Prov NorSMB 24:11  Berga deim som dei fører til dauden, og dei som vinglar til rettarstaden, haldt deim att!
Prov NorSMB 24:12  Um du segjer: «Me visste det ikkje, ser du,» tru ikkje han som veg hjarto, skynar det, og han som agtar på sjæli di, veit det, og han løner mannen etter hans gjerning?
Prov NorSMB 24:13  Et honning, son min, for den er god, og sjølvrunnen honning er søt for din gom.
Prov NorSMB 24:14  Lær sameleis visdom for sjæli di! Finn du honom, so hev du ei framtid, og di von skal ikkje verta til inkjes.
Prov NorSMB 24:15  Lur ikkje, du gudlause, på rettferdig manns bustad, legg ikkje heimen hans i øyde!
Prov NorSMB 24:16  For sju gonger dett den rettferdige og stend upp att, men dei gudlause stuper når ulukka kjem.
Prov NorSMB 24:17  Når din fiend’ fell, so gled deg ikkje, og når han stupar, fegnast ei ditt hjarta!
Prov NorSMB 24:18  Elles vil Herren sjå det og mislika det og venda frå honom vreiden sin.
Prov NorSMB 24:19  Harmast ei yver illgjerdsmenner, misunn ikkje dei gudlause!
Prov NorSMB 24:20  For den vonde hev ingi framtid; lampa åt gudlause sloknar.
Prov NorSMB 24:21  Ottast Herren, son min, og kongen! Gakk ikkje i lag med upprørsmenner!
Prov NorSMB 24:22  For brått kjem ulukka yver deim, og kven veit når åri deira fær ein usæl ende?
Prov NorSMB 24:23  Desse ordi er og av vismenner. Det er ikkje godt når ein gjer mannemun i domen.
Prov NorSMB 24:24  Den som segjer til den skuldige: «Du er uskuldig.» Honom vil folkeslag banna og folk forbanna;
Prov NorSMB 24:25  men deim som refsar han, gjeng det vel, og velsigning av godt kjem yver deim.
Prov NorSMB 24:26  Ein kyss på lipporne er det når einkvan gjev det rette svaret.
Prov NorSMB 24:27  Fullfør yrket ditt ute, og gjer det ferdigt for deg på marki! Sidan kann du byggja deg hus
Prov NorSMB 24:28  ver ikkje vitne mot næsten din utan grunn, for du vil vel ’kje svika med lipporne dine?
Prov NorSMB 24:29  Seg ikkje: «Som han hev gjort med meg, so vil eg gjera med han. Eg vil løna mannen etter hans gjerning.»
Prov NorSMB 24:30  Eg gjekk framum ein lat manns mark, og vinhagen til eit vitlaust menneskje,
Prov NorSMB 24:31  og sjå, han var vaksen full av tistlar, grunnen var yvergrodd med netlor, og steingarden kringom var riven ned.
Prov NorSMB 24:32  Og eg skygnde på det og agta på det, eg såg det, og denne lærdomen tok eg:
Prov NorSMB 24:33  «Endå litt soving, endå litt blunding, endå litt kvild med henderne i kross!
Prov NorSMB 24:34  So kjem armodi di som ein farande fant, og naudi som skjoldvæpna mann.»