Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOB
Prev Up Next
Chapter 39
Job NorSMB 39:1  Gjeng du for løva etter rov og gjev ungløvor deira mette,
Job NorSMB 39:2  medan dei gøymer seg i holor og ligg på lur i busk og kjørr?
Job NorSMB 39:3  Kven yter ramnen føda hans, når upp til Gud hans ungar ropar og flakkar kringum utan mat?
Job NorSMB 39:4  Steingeiti, veit du når ho kidar? Vaktar du riderne åt hindi?
Job NorSMB 39:5  Tel måna’rne dei gjeng med unge, og kjenner du deira fødetid?
Job NorSMB 39:6  Dei bøygjer seg, fø’r sine ungar, so er det slutt med deira rider.
Job NorSMB 39:7  På marki kidi veks seg store, spring burt og kjem ’kje att til deim.
Job NorSMB 39:8  Kven let villasnet renna fritt, tok bandet av det skjerre dyr,
Job NorSMB 39:9  som eg gav øydemark til heim, den salte steppa til ein bustad?
Job NorSMB 39:10  Det lær åt byen med sitt ståk, slepp høyra skjenn frå drivaren.
Job NorSMB 39:11  Det finn seg beite millom fjell, og leitar upp kvart grøne strå.
Job NorSMB 39:12  Skal tru villuksen vil deg tena, og natta yver ved di krubba?
Job NorSMB 39:13  Kann du til fori honom tøyma, horvar han dalar etter deg?
Job NorSMB 39:14  Lit du på honom for hans styrke? Og yverlet du han ditt arbeid?
Job NorSMB 39:15  Trur du han til å føra grøda heim og draga henne inn i løda?
Job NorSMB 39:16  Struss-hoa flaksar kåt med vengen, men viser fjør og veng morskjærleik?
Job NorSMB 39:17  Nei, ho legg sine egg på jordi, og let so sanden verma deim;
Job NorSMB 39:18  ho gløymer at ein fot kann treda og villdyr trakka deim i kras.
Job NorSMB 39:19  Hardt fer ho åt med sine ungar, som var dei ikkje hennar eigne; for fåfengt stræv ho ikkje ræddast.
Job NorSMB 39:20  For Gud let henne gløyma visdom, han ei tiletla henne vit.
Job NorSMB 39:21  Men når ho baskar seg i veg, ho lær åt både hest og mann.
Job NorSMB 39:22  Skal tru um du gjev hesten kraft og klæder halsen hans med mån?
Job NorSMB 39:23  Let du han som grashoppen springa alt med han frøser skræmeleg.
Job NorSMB 39:24  Glad i si kraft han marki skrapar og fer so fram mot væpna flokk.
Job NorSMB 39:25  Han urædd er og lær åt rædsla, for sverdet ei han vender um,
Job NorSMB 39:26  det skranglar pilhus yver honom, det blenkjer spjot til styng og skot.
Job NorSMB 39:27  Med ståk og bråk han slukar jordi, ustyrleg når stridsluren gjeng.
Job NorSMB 39:28  Han kneggjar: «Hui!» når luren læt, han verar striden langan leid, med skrik frå hovdingar og herrop!
Job NorSMB 39:29  Flyg hauken upp ved ditt forstand og spilar vengjerne mot sud?
Job NorSMB 39:30  Stig ørnen høgt av di du byd, og byggjer reiret sitt i høgdi? Han bur på berg og held seg der, på kvasse tind og høge nut. Derfrå han spæjar etter mat, hans augo yver viddi skodar. Hans ungar gløypar i seg blod; der det finst lik, der er han og.» Og Herren svara Job og sagde: «Vil klandraren med Allvald trætta? Lat han som lastar Gud då svara!» Då svara Job Herren og sagde: «For ring eg er; kva skal eg svara? Eg handi legg på munnen min. Ein gong eg tala, no eg tegjer, tvo gong’ - eg gjer det ikkje meir.»