Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PROVERBS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 3
Prov NorSMB 3:1  Son min, gløym ikkje læra mi! Lat hjarta varveitsla bodi mine!
Prov NorSMB 3:2  For livetid lang og livs-år i mengd og velferd dei gjev deg i rikaste mål.
Prov NorSMB 3:3  Lat ei kjærleik og truskap vika frå deg, men bitt deim um halsen på deg, skriv deim på di hjartetavla!
Prov NorSMB 3:4  Då vinn du ynde og fær godt vit for augo på Gud og menneskje.
Prov NorSMB 3:5  Lit på Herren av heile ditt hjarta men set ikkje lit til ditt vit!
Prov NorSMB 3:6  Tenk på honom i all di ferd! So jamnar han dine vegar.
Prov NorSMB 3:7  Ver ikkje vis i eigne augo, ottast Herren og vik frå det vonde.
Prov NorSMB 3:8  Det vert til helsebot for holdet ditt, og kveik for beini dine.
Prov NorSMB 3:9  Æra Herren med eiga di og med fyrstegrøda av all di avling.
Prov NorSMB 3:10  Då vert dine lødor rikleg fyllte, og safti renn yver i persorne dine.
Prov NorSMB 3:11  Son min, ei du vanvyrde Herrens age, og ver ikkje leid for hans refsing!
Prov NorSMB 3:12  For Herren agar den han elskar, som ein far med den son han hev kjær.
Prov NorSMB 3:13  Sæl den mann som hev funne visdom, og den mann som vinn seg vit!
Prov NorSMB 3:14  For det er betre å kjøpa visdom enn sylv, og den vinning han gjev, er betre enn gull.
Prov NorSMB 3:15  Dyrare er han enn perlor, av alle dine skattar er ingen som han.
Prov NorSMB 3:16  Langt liv hev han i høgre handi, og i vinstre rikdom og æra.
Prov NorSMB 3:17  Hans vegar er hugnads-vegar, og alle hans stigar er velferd.
Prov NorSMB 3:18  Han er livsens tre for deim som grip han, og dei som held han fast, er sæle.
Prov NorSMB 3:19  Med visdom hev Herren grunnfest jordi, med vit hev han laga himmelen.
Prov NorSMB 3:20  Ved hans kunnskap fossa vatnet or djupi, og frå skyerne dryp det dogg.
Prov NorSMB 3:21  Son min! Slepp ikkje augo av deim, tak vare på visdom og ettertanke!
Prov NorSMB 3:22  So skal dei vera liv for sjæli di og prydnad um halsen din.
Prov NorSMB 3:23  Då vandrar du trygt din veg og støyter ikkje din fot.
Prov NorSMB 3:24  Når du legg deg, so kvekk du ’kje upp, men du ligg og søv so godt.
Prov NorSMB 3:25  Du skal ikkje ottast for bråstøkk, eller uver som yver ugudlege kjem.
Prov NorSMB 3:26  For Herren skal vera di tiltru, og han skal vara din fot frå snara.
Prov NorSMB 3:27  Haldt ei burte det gode frå deim som treng det, når det stend i di magt å gjeva det!
Prov NorSMB 3:28  Seg ikkje til grannen din: «Gakk og kom att! Eg skal gjeva deg i morgon» - når du hev det no!
Prov NorSMB 3:29  Tenk ikkje på vondt mot grannen din, når han bur trygt hjå deg!
Prov NorSMB 3:30  Trætta ikkje med nokon utan grunn, når han ei hev gjort deg vondt!
Prov NorSMB 3:31  Ovunda ikkje ein valdsmann, og vel ikkje nokon av alle hans vegar!
Prov NorSMB 3:32  For den falske er ei gruv for Herren, men med ærlege hev han umgang.
Prov NorSMB 3:33  Herrens forbanning er i huset hjå den gudlause, men heimen åt rettferdige velsignar han.
Prov NorSMB 3:34  Gjeld det spottarar, so spottar han, men dei audmjuke gjev han nåde.
Prov NorSMB 3:35  Vismenner erver æra, men dårer ber med seg skam til løn.