Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOHN
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 1
John NorSMB 1:1  I upphavet var ordet, og ordet var hjå Gud, og ordet var Gud.
John NorSMB 1:3  All ting vart til ved honom, og utan honom vart ikkje ein einaste ting til av det som hev vorte til.
John NorSMB 1:4  I honom var liv, og livet var ljoset åt menneski.
John NorSMB 1:5  Og ljoset skin i myrkret, og myrkret fekk ikkje magt med det.
John NorSMB 1:6  Det stod fram ein mann, send ifrå Gud; Johannes er namnet hans.
John NorSMB 1:7  Den mannen kom til vitnemål, at han skulde vitna um ljoset, so alle kunde tru ved honom.
John NorSMB 1:8  Det var ikkje han som var ljoset, men han skulde vitna um ljoset.
John NorSMB 1:9  Det sanne ljoset, som lyser upp kvart menneskje, var den gongen på veg til verdi.
John NorSMB 1:10  Han var i verdi, og verdi hev vorte til ved honom, og verdi kjende honom ikkje.
John NorSMB 1:11  Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot honom.
John NorSMB 1:12  Men alle som tok imot honom, deim gav han rett til å verta Guds born, deim som trur på namnet hans,
John NorSMB 1:13  som ikkje er fødde av blod, og ikkje av kjøts vilje, og ikkje av manns vilje, men av Gud.
John NorSMB 1:14  Og Ordet vart kjøt og feste bu hjå oss, og me skoda herlegdomen hans, ein sovoren herlegdom som ein einboren Son hev frå Far sin, full av nåde og sanning.
John NorSMB 1:15  Johannes vitnar um honom og ropar ut: «Han var det eg sagde soleis um: Den som kjem etter meg, hev vorte fyre meg; for han var til fyrr enn eg.»
John NorSMB 1:16  Ja, av hans fullnad hev me alle fenge, og det nåde på nåde;
John NorSMB 1:17  for lovi vart gjevi gjenom Moses, nåden og sanningi vart til ved Jesus Kristus.
John NorSMB 1:18  Aldri hev nokon set Gud; den einborne Sonen, som er i fanget åt Faderen, han hev gjort honom kjend.
John NorSMB 1:19  So var vitnemålet Johannes gav då jødarne sende prestar og levitar frå Jerusalem, som skulde spyrja honom: «Kven er du?»
John NorSMB 1:20  Då sagde han beint ut, og dulde ikkje fyre det; han sagde beint ut: «Eg er ikkje Messias.»
John NorSMB 1:21  «Kva er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje,» sagde han. «Er du profeten?» «Nei,» svara han.
John NorSMB 1:22  «Kven er du?» sagde dei då - «so me hev eit svar å gjeva deim som hev sendt oss! Kva segjer du um deg sjølv?»
John NorSMB 1:23  Han sagde: «Eg er røysti som ropar i heidi: «Beinka vegen åt Herren!» som profeten Jesaja segjer.»
John NorSMB 1:24  Dei som var sende, høyrde til farisæarflokken.
John NorSMB 1:25  So spurde dei honom: «Kvi døyper du då, når du ikkje er Messias, og ikkje Elia, og ikkje profeten?»
John NorSMB 1:26  «Eg døyper med vatn,» svara Johannes; «midt ibland dykk stend ein som de ikkje kjenner:
John NorSMB 1:27  han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skobandet åt.»
John NorSMB 1:28  Dette gjekk fyre seg i Betania, på hi sida åt Jordan, der Johannes var og døypte.
John NorSMB 1:29  Dagen etter ser han Jesus koma burt imot seg, og segjer: «Sjå der er Guds lamb, som tek burt verdsens synd!
John NorSMB 1:30  Det er han eg sagde det um: Etter meg kjem ein mann som hev vorte fyre meg; for han var til fyrr enn eg.
John NorSMB 1:31  Eg kjende honom ikkje, men for di han skulde openberrast åt Israel, difor er det eg er komen og døyper med vatn.»
John NorSMB 1:32  Og Johannes vitna: «Eg hev set Anden dala ned som ei duva frå himmelen, og han stana yver honom.
John NorSMB 1:33  Eg kjende honom ikkje, men han som sende meg til å døypa med vatn, han sagde til meg: «Den du ser Anden dalar ned imot og stanar yver, han er den som døyper med den Heilage Ande.»
John NorSMB 1:34  Og eg hev set det, og hev vitna at han er Guds Son.»
John NorSMB 1:35  Andre dagen stod Johannes der atter med tvo av læresveinarne sine.
John NorSMB 1:36  Då ser han Jesus, som kom gangande, og segjer: «Sjå der er Guds lamb!»
John NorSMB 1:37  Dei tvo læresveinarne høyrde kva han sagde, og fylgde etter Jesus.
John NorSMB 1:38  Då snudde Jesus seg, og då han såg dei fylgde etter honom, sagde han til deim: [Stu21: 39] «Kva vil de?» «Kvar bur du, rabbi?» spurde dei - rabbi tyder meister -.
John NorSMB 1:39  [Stu21: 40] «Kom, so skal de sjå!» svara han. So gjekk dei med honom, og såg kvar han budde, og dei vart verande hjå honom den dagen. Det var ikring tiande timen.
John NorSMB 1:40  [Stu21: 41] Andreas, bror åt Simon Peter, var ein av dei tvo som hadde høyrt ordi hans Johannes og fylgt etter Jesus.
John NorSMB 1:41  [Stu21: 42] Han finn fyrst bror sin, Simon, og segjer til honom: «Me hev funne Messias!» - Messias er det same som Kristus -.
John NorSMB 1:42  [Stu21: 43] Han tok honom med seg til Jesus. Jesus såg på honom og sagde: «Du er Simon Johannesson; du skal kallast Kefas!» - Kefas er det same som Peter -.
John NorSMB 1:43  [Stu21: 44] Dagen etter vilde Jesus taka ut og fara til Galilæa. Han møter Filip, og segjer til honom: «Fylg meg!»
John NorSMB 1:44  [Stu21: 45] Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var ifrå.
John NorSMB 1:45  [Stu21: 46] Filip møter Natanael, og segjer til honom: «Me hev funne den som Moses hev skrive um i lovi, og som profetarne hev skrive um; det er Jesus Josefsson frå Nasaret.»
John NorSMB 1:46  [Stu21: 47] «Kann det koma noko godt frå Nasaret?» sagde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip.
John NorSMB 1:47  [Stu21: 48] Jesus såg Natanael koma burt imot seg, og sagde um honom: «Sjå der er ein egte israelit, ein som det ikkje finst svik i!»
John NorSMB 1:48  [Stu21: 49] Natanael segjer til honom: «Kvar kjenner du meg ifrå?» «Eg såg deg då du var under fiketreet, fyrr Filip ropa på deg,» svara Jesus.
John NorSMB 1:49  [Stu21: 50] Då tok Natanael til ords og sagde til honom: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge!»
John NorSMB 1:50  [Stu21: 51] «Trur du for di eg sagde deg at eg hadde set deg innunder fiketreet?» svara Jesus; «du skal få sjå større ting enn det.
John NorSMB 1:51  [Stu21: 52] Det segjer eg dykk for visst og sant,» sagde han med honom: «De skal sjå himmelen open og Guds englar stiga upp og stiga ned yver Menneskjesonen.»