Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
LEVITICUS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 25
Levi NorSMB 25:1  Og Herren tala atter til Moses på Sinaifjellet, og sagde:
Levi NorSMB 25:2  «Tala til Israels-folket, og seg til deim: «Når de kjem til det landet som eg vil gjeva dykk, so skal landet halda helg for Herren og kvila:
Levi NorSMB 25:3  Seks år skal du så åkeren din, og seks år skal du kylla vintrei dine, og sanka det som jordi gjev av seg;
Levi NorSMB 25:4  men det sjuande året skal vera ei kviletid for landet, ei helg som er vigd åt Herren: då skal du ikkje så åkeren din, og ikkje kylla vintrei.
Levi NorSMB 25:5  Det kornet som renn upp av seg sjølv etter fjorgrøda, skal du ikkje skjera, og druvorne på det ukyllte vintreet skal du ikkje sanka: Eit kvileår skal det vera for landet.
Levi NorSMB 25:6  Og det som jordi ber i kviletidi, skal vera til føda for dykk alle: for deg og drengen din og tenestgjenta di og leigekaren og buseten som held til hjå deg;
Levi NorSMB 25:7  og bufeet ditt og villdyri som er i landet, skal og eta av all den grøda som veks.
Levi NorSMB 25:8  So skal du telja fram sju kvileår, sju gonger sju, so tidi som svarar til dei sju kvileåri, vert ni og fyrti år;
Levi NorSMB 25:9  og den tiande dagen i den sjuande månaden skal du blåsa i lur; på soningsdagen skal de lata luren ljoma i heile landet dykkar.
Levi NorSMB 25:10  Og de skal helga det femtiande året, og lysa ut fridom for alle som i landet bur. Det skal vera eit jubelår for dykk; då skal de koma attende kvar til sin odel og venda heim att kvar til si ætt.
Levi NorSMB 25:11  Eit jubelår skal det femtiande året vera for dykk: ikkje skal de så, og ikkje skal de hausta det sjølvsådde kornet, og ikkje skal de sanka druvorne av det ukyllte vintreet.
Levi NorSMB 25:12  For det er eit jubelår: det skal vera heilagt for dykk; på marki skal de henta maten etter kvart som de treng honom.
Levi NorSMB 25:14  Når du sel noko til landsmannen din eller kjøper noko av honom, so skal de ikkje gjera urett mot kvarandre.
Levi NorSMB 25:15  Kjøper du jord av honom, so skal du telja dei åri som er lidne frå jubelåret, og han skal rekna etter kor mange åringar det er att.
Levi NorSMB 25:16  Etter som det då er mange eller få år att, skal prisen auka eller minka; for det er berre eit visst tal med avlingar han sel deg.
Levi NorSMB 25:17  Gjer ikkje urett mot kvarandre; hav age for dykkar Gud! Kom i hug: eg, Herren, er dykkar Gud!
Levi NorSMB 25:18  Lyd loverne mine, og haldt bodi mine og liv etter deim, so skal de bu trygt i landet;
Levi NorSMB 25:19  landet skal gjeva dykk grøda si, og de skal hava nøgdi å liva av, og sitja der trygt.
Levi NorSMB 25:20  Og dersom de spør: «Kva skal me eta i det sjuande året, når me ikkje sår og ikkje samlar inn grøda vår?»
Levi NorSMB 25:21  so må de vita at i det sette året vil eg senda dykk mi velsigning, og de skal få so rik ei grøda, at ho rekk til for tri år.
Levi NorSMB 25:22  Når de sår i det åttande året, skal de endå eta av fyrrårsavlen; alt til grøda kjem det niande året, skal de leva av den gamle avlen.
Levi NorSMB 25:23  Jordi må de ikkje selja for ollo; for det er eg som eig landet; de er berre framande og leiglendingar hjå meg.
Levi NorSMB 25:24  Difor skal det i heile landet dykkar gjelda løysingsrett for jord:
Levi NorSMB 25:25  Dersom det gjeng ut for grannen din, og han lyt selja noko av garden sin, so skal næmaste odelsmannen koma og løysa att det som skyldingen hans hev selt.
Levi NorSMB 25:26  Finst det ingen som kann løysa att jordi for honom, og han sjølv fær so mykje med hand at han kann greida løysingsummen,
Levi NorSMB 25:27  so skal han rekna frå dei åri som er lidne sidan han selde, og gjeva den han selde til lika for det som att er; då vert eigedomen hans;
Levi NorSMB 25:28  men er han ikkje god til å greida det han skal ut med, so skal jordi høyra kjøparen til alt til jubelåret; i jubelåret vert ho fri og kjem under den gamle eigaren.
Levi NorSMB 25:29  Når ein sel eit stovehus i ein by med murar ikring, so gjeld løysingsretten berre for ei tid; so lenge som eit år etter huset vart selt, skal han hava rett til å løysa det att.
Levi NorSMB 25:30  Vert ikkje huset attløyst fyrr eit fullt år er lide, so skal det - so framt det ligg i ein by med murar ikring - falla under den som hev kjøpt det, og høyra honom og etterkomarane hans til for godt, og det vert ikkje fritt i jubelåret.
Levi NorSMB 25:31  Men husi i småbyar som det ikkje er murar ikring, skal reknast til landet; dei kann løysast att, og i jubelåret vert dei frie.
Levi NorSMB 25:32  Er det levitbyarne det gjeld, husi i dei byarne som høyrer Levi-sønerne til, so varer løysingsretten for alle tider.
Levi NorSMB 25:33  Og um nokon av Levi-sønerne ikkje løyser att eit hus han hev selt, so vert huset fritt i jubelåret, so framt det ligg i fedrebyen hans; for husi i dei byarne som høyrer levitarne til, er deira odel millom Israels-folket.
Levi NorSMB 25:34  Heller ikkje må beitemarki kring byarne deira seljast; ho skal høyra deim til for alle tider.
Levi NorSMB 25:35  Når det gjeng ut for grannen din, og han ikkje kann greida seg lenger, so skal du halda handi yver honom, og han skal liva hjå deg som ein framand eller busete.
Levi NorSMB 25:36  Du må ikkje taka renta eller yvermål av honom; du skal hava age for din Gud, og lata grannen din liva med deg.
Levi NorSMB 25:37  Du må ikkje låna honom pengar på den måten at han skal gjeva deg renta, eller mat på den måten at han skal gjeva deg noko attpå.
Levi NorSMB 25:38  Kom i hug: Eg er Herren, dykkar Gud, som fylgde dykk ut or Egyptarlandet og vil gjeva dykk Kana’ans-landet og vera dykkar Gud.
Levi NorSMB 25:39  Når grannen din vert utarma og lyt selja seg til deg, so skal du ikkje lata honom gjera slavearbeid for deg.
Levi NorSMB 25:40  Han skal vera hjå deg som ein leigekar eller busete, og arbeide hjå deg til jubelåret;
Levi NorSMB 25:41  då skal han flytja frå deg, både han og borni hans, og fara heim att til ætti si og fedregarden.
Levi NorSMB 25:42  For dei er mine tenarar, eg henta deim ut or Egyptarlandet; dei må ikkje seljast som ein sel ein slave.
Levi NorSMB 25:43  Du må ikkje vera hard med deim; du skal hava age for din Gud.
Levi NorSMB 25:44  Vil du få deg tenestdrengjer eller tenestgjentor som skal vera din eigedom, so kann du kjøpa både drengjer og gjentor av heidningarne som bur rundt ikring dykk,
Levi NorSMB 25:45  og like eins av borni åt innflytjarane som held til hjå dykk; av deim og etterkomarane deira som bur hjå dykk og er fødde i landet dykkar, kann de kjøpa dykk tenarar som de må eiga,
Levi NorSMB 25:46  og kann lata borni dykkar få i arv etter dykk med full eigedomsrett; deim kann de bruka til slavar so lenge de vil; men brørne dine, Israels-borni, må du ikkje gjera deg til herre yver - bror yver bror!
Levi NorSMB 25:47  Når ein framand eller innflutt mann hjå deg kjem til velstand hjå dykk, og landsmannen din som bur innmed han, vert utarma, og lyt selja seg til den innflutte framande mannen, eller til ein som er runnen av framand rot,
Levi NorSMB 25:48  so kann han løysast ut att, etter han hev selt seg. Ein av brørne hans lyt då løysa honom ut,
Levi NorSMB 25:49  eller farbroren eller son åt farbroren eller ein annan av det næmaste skyldfolket i ætti hans; og fær han utkoma til det, so kann han løysa seg ut sjølv.
Levi NorSMB 25:50  Når han då gjer upp med den han hev selt seg til, skal dei rekna ut tidi frå det året han selde seg og til jubelåret: kjøpesummen skal bytast med åretalet, og det skal vera som han hadde vore leigekar hjå honom og arbeidt etter dagen.
Levi NorSMB 25:51  Er det endå mange år att, so skal han i utløysnad leggja so mykje av kjøpesummen som svarar til dei åri;
Levi NorSMB 25:52  og er det få år att til jubelåret, so skal han gjera upp med honom for deim; han skal i utløysnad gjeva det som svarar til dei åri han er attskuldig.
Levi NorSMB 25:53  Han skal vera jamgod med ein leigekar som arbeider hjå ein mann år for år; du skal ikkje tola at dei fer hardt med honom.
Levi NorSMB 25:54  Vert han ikkje utløyst på den måten som nemnt er, so vert han fri i jubelåret, både han og borni hans.
Levi NorSMB 25:55  For meg høyrer Israels-sønerne til, og er tenarane mine - mine tenarar er dei; eg henta deim ut or Egyptarlandet, eg, Herren, dykkar Gud.