Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 1
Psal NorSMB 1:1  Sæl er den mann som ikkje gjeng i råd med ugudlege og ikkje stend på veg med syndarar og ikkje sit i sæte med spottarar,
Psal NorSMB 1:2  men som hev si lyst i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt.
Psal NorSMB 1:3  Han er lik eit tre som er planta ved vatsbekkjer, som gjev si frukt i si tid, og som lauvet ikkje visnar på; og alt det han gjer, hev han lukka med.
Psal NorSMB 1:4  Ikkje so er det med dei ugudlege; men dei er lik agner, som vinden føykjer burt.
Psal NorSMB 1:5  Difor skal dei ugudlege ikkje standa seg i domen, og syndarar ikkje i samlingi av dei rettferdige.
Psal NorSMB 1:6  For Herren kjenner vegen dei rettferdige fer, men den vegen dei ugudlege fer, gjeng til grunns.