Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 128
Psal NorSMB 128:1  Ein song til høgtidsferderne. Sæl er kvar den som ottast Herren, som ferdast på hans vegar!
Psal NorSMB 128:2  Det dine hender avlar, skal du njota, sæl er du, og det gjeng deg vel.
Psal NorSMB 128:3  Kona di er som eit fruktrikt vintre inne i ditt hus; borni dine er som oljekvister kringum bordet ditt.
Psal NorSMB 128:4  Sjå, soleis vert den mann velsigna, som ottast Herren.
Psal NorSMB 128:5  Herren signe deg frå Sion! sjå med lyst på Jerusalems lukka alle dine livedagar!
Psal NorSMB 128:6  Og måtte du sjå born av dine born! Fred vere yver Israel!