Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 143
Psal NorSMB 143:1  Ein salme av David. Herre, høyr mi bøn og vend øyra til mine inderlege bøner! Svara meg i din truskap, i di rettferd,
Psal NorSMB 143:2  og gakk ikkje til doms med din tenar; for ingen som liver, er rettferdig for di åsyn.
Psal NorSMB 143:3  For fienden hev forfylgt mi sjæl, han hev krasa mitt liv til jordi, han hev sett meg av i myrkrer som dei æveleg daude.
Psal NorSMB 143:4  Og mi ånd er vanmegtig i meg, mitt hjarta i meg er forskræmt.
Psal NorSMB 143:5  Fordoms dagar kjem eg i hug, eg tenkjer på alt ditt verk og grundar på det dine hender hev gjort.
Psal NorSMB 143:6  Mine hender retter eg til deg, som turre landet tyrster mi sjæl etter deg. Sela.
Psal NorSMB 143:7  Herre, svara meg snart, mi ånd forgjengst! Løyn ikkje ditt andlit for meg, so eg skulde likjast deim som fer ned i gravi.
Psal NorSMB 143:8  Lat meg høyra di miskunn um morgonen, for eg lit på deg! Lær meg den veg eg skal vandra, for eg lyfter mi sjæl til deg!
Psal NorSMB 143:9  Fria meg, Herre, frå mine fiendar, eg søkjer livd hjå deg.
Psal NorSMB 143:10  Lær meg å gjera din vilje, for du er min Gud! Din gode ande leide meg på jamne lendet.
Psal NorSMB 143:11  For ditt namn skuld, Herre, haldt meg i live! I di rettferd før mi sjæl ut or trengsla!
Psal NorSMB 143:12  Og ryd i di miskunn ut mine fiendar, og øydelegg alle som trengjer mi sjæl, for eg er din tenar.