Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 91
Psal NorSMB 91:1  Den som sit i gøymsla hjå den Høgste, den som bur i skuggen hjå den Allmegtige,
Psal NorSMB 91:2  han segjer til Herren: «Mi livd og mi borg, min Gud som eg set mi lit til.»
Psal NorSMB 91:3  For han frelser deg frå snara til fuglefangaren, frå tynande sott.
Psal NorSMB 91:4  Med sine fjører løyner han deg, og under hans vengjer finn du livd; skjold og vern er hans truskap.
Psal NorSMB 91:5  Du skal ikkje ræddast for skræmsl um natti, for pil som flyg um dagen,
Psal NorSMB 91:6  for pest som fer fram i myrker, for sott som tyner um middagen.
Psal NorSMB 91:7  Um tusund fell attmed sida di, og ti tusund attmed di høgre hand, so skal det ikkje nå til deg.
Psal NorSMB 91:8  Du skal berre skoda det med augo dine, og sjå korleis dei ugudlege fær si løn.
Psal NorSMB 91:9  «For du, Herre, er mi livd,» segjer du. Den Høgste hev du gjort til din bustad.
Psal NorSMB 91:10  Inkje vondt skal timast deg, og ingi plåga skal koma nær til ditt tjeld.
Psal NorSMB 91:11  For han skal bjoda sine englar um deg, at dei skal vara deg på alle dine vegar.
Psal NorSMB 91:12  Dei skal bera deg på hender, so du ikkje skal støyta foten din på nokon stein.
Psal NorSMB 91:13  På løva og eiterorm skal du treda, du skal trakka ned ungløvor og drakar.
Psal NorSMB 91:14  «Av di han heng fast ved meg, vil eg fria honom ut; eg vil frelsa honom, av di han kjenner mitt namn.
Psal NorSMB 91:15  Han skal kalla på meg, og eg skal svara honom, eg er med honom i naud, eg vil fria honom ut og føra honom til æra.
Psal NorSMB 91:16  Med eit langt liv vil eg metta honom og lata honom sjå mi frelsa.»