Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 46
Psal NorSMB 46:1  Til songmeisteren; av Korahs born, etter Alamot; ein song.
Psal NorSMB 46:2  Gud er mi hyggja og vår styrke, fullvel røynd i trengslor.
Psal NorSMB 46:3  Difor ottast me ikkje, um so jordi vert umskift, og um fjelli ragar hjarta av storhavet,
Psal NorSMB 46:4  um havbårorne dyn og skumar, og fjelli skjelv for deira ofse. Sela.
Psal NorSMB 46:5  Der er ei å, hennar bekkjer gled Guds by, den heilage stad der den Høgste bur.
Psal NorSMB 46:6  Gud er midt i honom, so han skal ikkje rugga; Gud hjelper honom i morgonlysingi.
Psal NorSMB 46:7  Folkeslag rasa, rike vart rikka, han let si røyst ljoda, jordi bråna.
Psal NorSMB 46:8  Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.
Psal NorSMB 46:9  Kom og sjå Herrens storverk, som gjer øydeleggjingar på jordi.
Psal NorSMB 46:10  Han gjer ende på herferder yver all jordi, bryt bogen sund og høgg spjotet av; stridsvognerne brenner han upp i eld.
Psal NorSMB 46:11  «Haldt upp og kjenn at eg er Gud! Eg er upphøgd millom folki, upphøgd på jordi.» Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.