Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 69
Psal NorSMB 69:2  Frels meg, Gud! for vatni trengjer seg inn på livet.
Psal NorSMB 69:3  Eg er sokken ned i det djupe dike der det inkje fotfeste er, eg er komen ut i ovdjupe vatn, og flodi fløymer yver meg.
Psal NorSMB 69:4  Eg er trøytt av mi roping, det brenn i min strupe, mine augo er upptærde, med di eg ventar på min Gud.
Psal NorSMB 69:5  Fleire enn håri på mitt hovud er dei som hatar meg utan orsak, mange er dei som vil meg tyna meg, som utan grunn er mine fiendar; det eg ikkje hev rana, skal eg no gjeva attende.
Psal NorSMB 69:6  Gud, du kjenner min dårskap, og all mi syndeskuld er ikkje løynd for deg.
Psal NorSMB 69:7  Lat deim ved meg ikkje verta til skammar, dei som ventar på deg, Herre, Herre, allhers drott! Lat deim ikkje ved meg verta skjemde, dei som søkjer deg, Israels Gud!
Psal NorSMB 69:8  For di skuld ber eg hæding, skjemsla ligg yver mitt andlit.
Psal NorSMB 69:9  Eg hev vorte framand hjå brørne mine, og ein utlending hjå borni til mor mi.
Psal NorSMB 69:10  For brennhug for ditt hus hev ete meg upp, og deira spottord som spottar deg, hev falle på meg.
Psal NorSMB 69:11  Då mi sjæl græt medan eg fasta, vart eg spotta for det.
Psal NorSMB 69:12  Då eg laga ein sekk til klædde for meg, vart eg eit ordtøke for deim.
Psal NorSMB 69:13  Dei som sit i porten, røder um meg, og drikkarane syng um meg.
Psal NorSMB 69:14  Men eg kjem med mi bøn til deg, Herre, i nådetidi, Gud, for di store miskunn; svara meg med di trufaste hjelp!
Psal NorSMB 69:15  Fria meg ut or søyla, og lat meg ikkje søkka! Lat meg verta utfria frå deim som hatar meg og frå dei djupe vatni!
Psal NorSMB 69:16  Lat ikkje vatsflodi fløyma yver meg, og ikkje djupet svelgja meg, og heller ikkje brunnen lata att sitt gap yver meg!
Psal NorSMB 69:17  Svara meg, Herre, for din nåde er god, etter di store miskunn vend deg til meg!
Psal NorSMB 69:18  Og løyn ikkje di åsyn for tenaren din, for eg er i naud; svara meg snart!
Psal NorSMB 69:19  Kom nær til mi sjæl, løys henne ut! Frels meg for mine fiendar skuld!
Psal NorSMB 69:20  Du kjenner mi spott og skam og vanæra, for di åsyn stend alle dei som trengjer meg.
Psal NorSMB 69:21  Spottord hev brote mitt hjarta sund, so eg er sjuk; eg venta på medynk, men der var ingi, og på trøystarar, men eg fann ingen.
Psal NorSMB 69:22  Og dei gav meg gall å eta, og då eg var tyrst, gav dei meg eddik å drikka.
Psal NorSMB 69:23  Lat bordet deira framfyre deim verta ei snara, og ei gildra for deim når dei er trygge!
Psal NorSMB 69:24  Lat augo deira dimmast so dei ikkje ser, og lat deira lender alltid skjelva!
Psal NorSMB 69:25  Renn ut yver deim din vreide, og lat din brennande harm nå deim!
Psal NorSMB 69:26  Lat deira bustad verta øydd, lat det ingen vera som bur i deira tjeld!
Psal NorSMB 69:27  For dei forfylgjer den som du hev slege, og dei fortel um pinsla åt deim som du hev gjenomstunge.
Psal NorSMB 69:28  Lat deim leggja syndeskuld til si syndeskuld, og lat deim ikkje koma til di rettferd!
Psal NorSMB 69:29  Lat deim verta utstrokne or livsens bok, og ikkje verta innskrivne med dei rettferdige!
Psal NorSMB 69:30  Men eg er ein arming full av verk, Gud, lat di frelsa berga meg!
Psal NorSMB 69:31  Eg vil lova Guds namn med song og høglova honom med takksegjing,
Psal NorSMB 69:32  og det skal tekkjast Herren betre enn ein ung ukse med horn og klauver.
Psal NorSMB 69:33  Når spaklyndte ser det, vil dei gleda seg; de som søkjer Gud - må dykkar hjarta liva!
Psal NorSMB 69:34  For Herren høyrer på dei fatige, og sine fangar vanvyrder han ikkje.
Psal NorSMB 69:35  Himmel og jord skal lova honom, havet og alt som krek i det.
Psal NorSMB 69:36  For Gud skal frelsa Sion og byggja byarne i Juda, og dei skal bu der og eiga deim. Og avkjømet til hans tenarar skal erva deim, og dei som elskar hans namn, skal bu der.