Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 7
Psal NorSMB 7:1  Ein siggajon av David, som han song for Herren på grunn av benjaminiten Kus’ ord.
Psal NorSMB 7:2  Herre, min Gud! Eg flyr til deg; frels meg frå alle mine forfylgjarar og berga meg,
Psal NorSMB 7:3  so han ikkje som ei løva skal riva ut mi sjæl, riva sund, og ingen som bergar!
Psal NorSMB 7:4  Herre, min Gud! Dersom eg hev gjort dette, dersom det er urett i mine hender,
Psal NorSMB 7:5  dersom eg hev gjort vondt imot den som heldt fred med meg, og plundra den som trengde meg utan orsak:
Psal NorSMB 7:6  so lat fienden forfylgja mi sjæl og nå henne og trøda ned mitt liv til jordi og leggja mi æra i moldi! Sela.
Psal NorSMB 7:7  Statt upp, Herre, i din vreide! reis deg upp imot ofsen hjå deim som trengjer meg, og vakna upp til hjelp for meg, du som hev påbode dom!
Psal NorSMB 7:8  Og lat ei samling av folkeslag standa rundt ikring deg, og far upp att yver deim til det høge!
Psal NorSMB 7:9  Herren held dom yver folki. Døm meg, Herre, etter mi rettferd og etter den uskyld som er hjå meg!
Psal NorSMB 7:10  Lat då vondskapen hjå dei ugudlege få ende, og styrk den rettferdige! For du er den som prøver hjarto og nyro, ein rettferdig Gud.
Psal NorSMB 7:11  Min skjold er hjå Gud, han frelser deim som er trugne i hjarta.
Psal NorSMB 7:12  Gud er ein rettferdig domar, og ein Gud som harmast kvar dag.
Psal NorSMB 7:13  So framt ein ikkje vender um, so kvesser han sitt sverd; sin boge hev han spent og gjort ferdig
Psal NorSMB 7:14  og stelt til banevåpn til rettes imot honom; sine piler gjer han brennande.
Psal NorSMB 7:15  Sjå, han skal til å føda misgjerning; han gjeng med ulukka og føder lygn.
Psal NorSMB 7:16  Ei grav hev han grave og hola ut; men han fell i den greft som han gjorde.
Psal NorSMB 7:17  Den ulukka han gjer, kjem att yver hans hovud, og yver hans kvervel fell hans valdsverk ned. Eg vil prisa Herren etter hans rettferd og lovsyngja namnet åt Herren den Høgste.