Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 34
Psal NorSMB 34:1  Av David, då han gjorde seg galen hjå Abimelek, so han jaga honom av, og han gjekk burt.
Psal NorSMB 34:2  Eg vil lova Herren alle tider, hans pris skal stendigt vera i min munn.
Psal NorSMB 34:3  Mi sjæl skal rosa seg av Herren; dei spaklyndte skal høyra det og gleda seg.
Psal NorSMB 34:4  Lova Herren storleg med meg, og lat oss saman upphøgja hans namn!
Psal NorSMB 34:5  Eg søkte Herren, og han svara meg og fria meg frå alle mine rædslor.
Psal NorSMB 34:6  Dei som skoda upp til honom, lyste av gleda, og deira andlit turvte aldri blygjast.
Psal NorSMB 34:7  Her er ein arming som ropa, og Herren høyrde og frelste honom frå alle hans trengslor.
Psal NorSMB 34:8  Herrens englar lægrar seg rundt ikring deim som ottast honom, og han friar deim ut.
Psal NorSMB 34:9  Smaka og sjå at Herren er god! Sæl er den mann som flyr til honom.
Psal NorSMB 34:10  Ottast Herren, de hans heilage, for inkje vantar dei som ottast honom.
Psal NorSMB 34:11  Unge løvor lid naud og svelt, men dei som søkjer Herren, deim vantar det inkje godt.
Psal NorSMB 34:12  Kom born, høyr meg! Eg vil læra dykk otte for Herren.
Psal NorSMB 34:13  Kven er den mann som hev lyst til liv, som ynskjer seg dagar til å sjå lukka?
Psal NorSMB 34:14  Vakta di tunga frå det som vondt er, og lippor for svikfull tale!
Psal NorSMB 34:15  Vik burt frå det vonde og gjer det gode, søk fred og far etter honom!
Psal NorSMB 34:16  Herrens augo er vende til dei rettferdige, og hans øyro til deira rop.
Psal NorSMB 34:17  Herrens åsyn er imot deim som gjer vondt, til å rydja ut deira minne frå jordi.
Psal NorSMB 34:18  Hine ropar, og Herren høyrer og friar deim ut or alle deira trengslor.
Psal NorSMB 34:19  Herren er nær hjå deim som hev eit sundbrote hjarta, og frelser deim som hev ei hugsprengd ånd.
Psal NorSMB 34:20  Mange ulukkor kjem yver den rettferdige, men Herren friar honom ut or deim alle.
Psal NorSMB 34:21  Herren tek vare på alle hans bein, ikkje eitt av deim vert brote.
Psal NorSMB 34:22  Ulukka drep den ugudlege, og dei som hatar den rettferdige, vert saka. Herren løyser ut deira sjæl som tener honom, og av dei som flyr til honom, vert ingen saka.