Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 115
Psal NorSMB 115:1  Ikkje oss, Herre, ikkje oss, men ditt namn gjeve du æra for di miskunn, for din truskap skuld!
Psal NorSMB 115:2  Kvifor skal heidningarne segja: «Kvar er no deira Gud?»
Psal NorSMB 115:3  Vår Gud er då i himmelen, alt det han vil, gjer han.
Psal NorSMB 115:4  Deira avgudar er sylv og gull, eit verk av menneskjehender.
Psal NorSMB 115:5  Dei hev munn, men talar ikkje, dei hev augo, men ser ikkje;
Psal NorSMB 115:6  dei hev øyro, men høyrer ikkje, dei hev nos, men luktar ikkje.
Psal NorSMB 115:7  Med sine hender grip dei ikkje, med sine føter gjeng dei ikkje, dei hev ikkje mål i strupen.
Psal NorSMB 115:8  Som desse er, vert dei som lagar deim, alle som set si lit til deim.
Psal NorSMB 115:9  Israel, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.
Psal NorSMB 115:10  Arons hus, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.
Psal NorSMB 115:11  De som ottast Herren, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.
Psal NorSMB 115:12  Herren kom oss i hug, han skal velsigna, han skal velsigna Israels hus, han skal velsigna Arons hus,
Psal NorSMB 115:13  han skal velsigna deim som ottast Herren, dei små med dei store.
Psal NorSMB 115:15  Velsigna er de av Herren, han som skapte himmel og jord.
Psal NorSMB 115:16  Himmelen er himmel for Herren, men jordi hev han gjeve menneskjeborni.
Psal NorSMB 115:17  Dei daude lovar ikkje Herren, ingen av deim som stig ned i stilla.
Psal NorSMB 115:18  Men me skal lova Herren frå no og til æveleg tid. Halleluja!