Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 40
Psal NorSMB 40:2  Eg venta og venta på Herren, so bøygde han seg til meg og høyrde mitt rop.
Psal NorSMB 40:3  Og han drog meg upp or den tynande grav, or søkkjedya, og han sette mine føter uppå berggrunn, han gjorde mine stig støde.
Psal NorSMB 40:4  Og han lagde ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange ser det og ottast og lit på Herren.
Psal NorSMB 40:5  Sæl er den mann som set si lit til Herren og ikkje vender seg til dei ovlåtne og til deim som vik av til lygn.
Psal NorSMB 40:6  Herre, min Gud, du hev gjort dine under og dine råder mangfaldige mot oss; ingen ting er liknande med deg; vil eg forkynna og tala um deim, er dei for mange til å telja.
Psal NorSMB 40:7  Slagtoffer og grjonoffer hev du ikkje hug til - du hev bora øyro på meg - brennoffer og syndoffer krev du ikkje.
Psal NorSMB 40:8  Då sagde eg: «Sjå, eg kjem; i bokrullen er det skrive for meg;
Psal NorSMB 40:9  å gjera din vilje, min Gud, det er mi lyst, og di lov er inst i mitt hjarta.»
Psal NorSMB 40:10  Eg bar det gode bod um rettferd i ei stor samling; sjå, eg let ikkje att mine lippor; Herre, du veit det.
Psal NorSMB 40:11  Eg løynde ikkje di rettferd inne i mitt hjarta, eg tala um din truskap og di frelsa; eg dulde ikkje din nåde og di sanning for ei stor samling.
Psal NorSMB 40:12  Du, Herre, vil ikkje lata att di miskunn for meg; din nåde og di sanning vil alltid vakta meg.
Psal NorSMB 40:13  For trengslor utan tal hev umspent meg, mine misgjerningar hev gripe meg, og eg kan ikkje sjå; dei er fleire enn håri på mitt hovud, og mitt mod hev forlate meg.
Psal NorSMB 40:14  Hugnast, Herre, å berga meg! Herre, kom meg snart til hjelp!
Psal NorSMB 40:15  Lat deim verta til skam og spott alle saman som stend etter mitt liv og vil riva det burt! Lat deim vika attende og skjemnast, som hev hugnad i mi ulukka!
Psal NorSMB 40:16  Lat dei verta forfærde yver si skjemd, dei som segjer til meg: «Ha, ha!»
Psal NorSMB 40:17  Lat deim fegnast og gleda seg i deg alle dei som søkjer deg! Lat deim som elskar di frelsa alltid segja: «Høglova vere Herren!» For eg er arm og fatig; Herren vil tenkja på meg. Du er mi hjelp og min frelsar; min Gud, dryg ikkje!