Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 110
Psal NorSMB 110:1  Av David, ein salme. Herren sagde til min herre: «Set deg ved mi høgre hand, til dess eg legg dine fiendar til skammel for dine føter!»
Psal NorSMB 110:2  Ditt veldes kongsstav skal Herren retta ut frå Sion; ver herre midt imillom dine fiendar!
Psal NorSMB 110:3  Ditt folk møter viljugt fram på ditt veldes dag; i heilagt skrud kjem din ungdom til deg som dogg or fanget på morgonroden.
Psal NorSMB 110:4  Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.»
Psal NorSMB 110:5  Herren ved di høgre hand knasar kongar den dag han vreidest.
Psal NorSMB 110:6  Han dømer millom heidningarne, fyller upp med lik, han knasar hovud utyver den vide jord.
Psal NorSMB 110:7  Or bekken drikk han på vegen, difor lyfter han hovudet høgt.