Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 20
Psal NorSMB 20:2  Herren bønhøyre deg på trengselsdagen, namnet åt Jakobs Gud berge deg!
Psal NorSMB 20:3  Gjev han må senda deg hjelp frå heilagdomen og stydja deg frå Sion!
Psal NorSMB 20:4  Gjev han må minnast alle dine grjonoffer og finna ditt brennoffer godt! Sela.
Psal NorSMB 20:5  Han gjeve deg etter ditt hjarta og fullføre alle dine råder!
Psal NorSMB 20:6  Me vil fagna oss ved di frelsa og i vår Guds namn lyfta sigermerket. Herren uppfylle alle dine bøner!
Psal NorSMB 20:7  No veit eg at Herren frelser den han salva; han svarar honom frå sin heilage himmel med frelsande storverk av si høgre hand.
Psal NorSMB 20:8  Desse prisar vogner, og hine prisar hestar, men me prisar namnet åt Herren, vår Gud.
Psal NorSMB 20:9  Dei sig i kne og fell, men me stend og held oss uppe. Herre, frels kongen! Han svare oss den dag me ropar!