Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 102
Psal NorSMB 102:1  Bøn av ein arming, når han vanmegtast og let sitt klagemål strøyma fram for Herren.
Psal NorSMB 102:2  Herre, høyr mi bøn, og lat mitt rop koma fram til deg!
Psal NorSMB 102:3  Løyn ikkje ditt andlit for meg den dagen eg er i naud! Bøyg ditt øyra til meg! Den dagen eg ropar, svara meg snart!
Psal NorSMB 102:4  For dagarne mine hev fare burt som ein røyk, og mine bein er som glødde i eld.
Psal NorSMB 102:5  Mitt hjarta er solstukke og visnar som gras, for eg hev gløymt å eta brødet mitt.
Psal NorSMB 102:6  For mi høgmælte stynjing heng beini fast ved kjøtet mitt.
Psal NorSMB 102:7  Eg likjest pelikanen i øydemarki, eg er som ula på aude stader.
Psal NorSMB 102:8  Eg lyt vaka og vera som ein einsleg fugl på taket.
Psal NorSMB 102:9  Heile dagen spottar mine fiendar meg, dei som reint er ville mot meg, sver ved meg.
Psal NorSMB 102:10  For eg et oska som brød, og drykken min blandar eg med gråt
Psal NorSMB 102:11  for din vreide og din harm skuld, for du hev teke meg upp og kasta meg burt.
Psal NorSMB 102:12  Mine dagar er som ein skugge når han lengjest, og eg visnar som gras.
Psal NorSMB 102:13  Men du, Herre, sit i all æva, og ditt minne varer frå ætt til ætt.
Psal NorSMB 102:14  Du vil standa upp, du vil miskunna Sion, for det er tid til å vera nådig mot henne, ja, timen er komen.
Psal NorSMB 102:15  For dine tenarar hev godhug for steinarne hennar, og dei ynkast yver hennar grus.
Psal NorSMB 102:16  Og heidningar skal ottast Herrens namn, og alle kongar på jordi di æra.
Psal NorSMB 102:17  For Herren hev bygt upp att Sion, han hev synt seg i si æra;
Psal NorSMB 102:18  han hev vendt seg til bøni frå dei hjelpelause, og han hev ikkje vanvyrdt deira bøn.
Psal NorSMB 102:19  Dette skal verta uppskrive for den komande ætti, og det folket som vert skapt, skal lova Herren,
Psal NorSMB 102:20  for han hev set ned frå si heilage høgd, Herren hev frå himmelen skoda på jordi
Psal NorSMB 102:21  og vil høyra sukken frå den bundne og løysa ut daudens born,
Psal NorSMB 102:22  so dei i Sion skal forkynna Herrens namn og hans pris i Jerusalem,
Psal NorSMB 102:23  når folkeslag kjem i hop og kongerike til å tena Herren.
Psal NorSMB 102:24  Han hev bøygt mi kraft på vegen, han hev korta av mine dagar.
Psal NorSMB 102:25  Eg segjer: Min Gud, tak meg ikkje burt midt i mine dagar! Frå ætt til ætt varer dine år.
Psal NorSMB 102:26  Fordom grunnfeste du jordi, og himmelen er verk av dine hender.
Psal NorSMB 102:27  Dei skal forgangast, men du stend; alle skal dei eldast som eit klæde, som ein klædnad skifter du deim, og dei vert umskifte;
Psal NorSMB 102:28  men du er den same, og dine år tek aldri ende. Borni åt dine tenarar skal bu i ro, og deira avkjøme skal standa trygt for di åsyn.