Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 73
Psal NorSMB 73:1  Ein salme av Asaf. Ja, Gud er god mot Israel, mot deim som hev eit reint hjarta.
Psal NorSMB 73:2  Men eg - mine føter hadde so nær snåva, det skilde lite at mine stig hadde skride ut.
Psal NorSMB 73:3  For eg harmast på dei ovmodige, når eg såg at det gjekk dei gudlause godt.
Psal NorSMB 73:4  For dei er frie frå verk til dei døyr, og deira kropp er feit.
Psal NorSMB 73:5  Dei veit ikkje av naud som andre folk, og dei vert ikkje plåga som andre menneskje.
Psal NorSMB 73:6  Difor er ovmod deira halsprydnad, vald sveiper seg um deim som eit klædeplagg.
Psal NorSMB 73:7  Augo deira glytter ut or feitt, deira hjartans tankar bryt fram.
Psal NorSMB 73:8  Dei spottar og talar i vondskap um valdsverk, frå høgdi talar dei.
Psal NorSMB 73:9  Dei set sin munn til himmelen, og deira tunga fer fram yver jordi.
Psal NorSMB 73:10  Difor vendar deira folk seg til, og mykje vatn syg dei inn.
Psal NorSMB 73:11  Og dei segjer: «Korleis skulde Gud vita noko? Finst det vel kunnskap hjå den Høgste?»
Psal NorSMB 73:12  Sjå desse er ugudlege, og æveleg trygge veks dei i magt.
Psal NorSMB 73:13  Ja, fåfengt hev eg reinsa mitt hjarta og tvege mine hender i uskyld,
Psal NorSMB 73:14  eg vart like vel plåga heile dagen, og kvar morgon fekk eg tukt.
Psal NorSMB 73:15  Dersom eg hadde sagt: «Eg vil tala soleis,» då hadde eg vore utru mot ætti av dine born.
Psal NorSMB 73:16  Og når eg tenkte etter korleis eg skulda skyna dette, vart det for mødesamt var det for meg
Psal NorSMB 73:17  - til dess eg gjekk inn i Guds heilagdomar og agta på deira ende.
Psal NorSMB 73:18  Ja, på hålka set du deim; du let deim falla radt til grunns.
Psal NorSMB 73:19  Kor dei vart øydelagde i ein augneblink! Dei gjekk under, fekk ein skræmeleg ende.
Psal NorSMB 73:20  Som ein vanvyrder ein draum når ein vaknar, soleis vanvyrder du, Herre, deira bilæte når du vert vaken.
Psal NorSMB 73:21  Når mitt hjarta var beiskt, og eg fekk styng i nyro,
Psal NorSMB 73:22  då var eg uvitug og skyna inkje, eit fe var eg imot deg.
Psal NorSMB 73:23  Men eg er alltid hjå deg, du hev gripe mi høgre hand.
Psal NorSMB 73:24  Du vil leida meg med di råd og sidan tek du meg upp til æra.
Psal NorSMB 73:25  Kven hev eg i himmelen? Og når du er min, hev eg ingen hug til jordi.
Psal NorSMB 73:26  Um mitt kjøt og hjarta vert til inkjes, so er Gud æveleg mitt hjartans berg og min deil.
Psal NorSMB 73:27  For sjå, dei som er langt burte frå deg, skal ganga til grunnar; du tyner alle som i hor gjeng frå deg.
Psal NorSMB 73:28  Men for meg er det godt å halda meg nær til Gud, eg set mi lit til Herren, Herren, at eg må fortelja alle dine gjerningar.