Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 112
Psal NorSMB 112:1  Halleluja! Sæl er den mann som ottast Herren, som hev si store lyst i hans bodord.
Psal NorSMB 112:2  Hans avkjøme skal vera veldugt på jordi, ætti av dei ærlege skal verta velsigna.
Psal NorSMB 112:3  Det er velstand og rikdom i hans hus, og hans rettferd stend æveleg fast.
Psal NorSMB 112:4  Det renn upp eit ljos i myrker for dei ærlege, nådig, miskunnsam og rettferdig er han.
Psal NorSMB 112:5  Vel gjeng det den mann som er miskunnsam og gjev lån, han held uppe si sak i retten.
Psal NorSMB 112:6  For dei skal ikkje rikka honom i all æva, den rettferdige skal vera i ævelegt minne.
Psal NorSMB 112:7  For vond tidend skal han ikkje ræddast; hans hjarta er fast, det lit på Herren.
Psal NorSMB 112:8  Hans hjarta er trygt; han ræddast ikkje, til dess han ser med lyst på sine fiendar.
Psal NorSMB 112:9  Han strår ut, gjev til dei fatige, hans rettferd stend alltid, hans horn skal verta upplyft med æra.
Psal NorSMB 112:10  Den ugudlege skal sjå det og harmast, han skal skjera tenner og tærast upp, det dei ugudlege hev lyst til, vert upp i inkje.