Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 38
Psal NorSMB 38:2  Herre, refs meg ikkje i din vreide, og tukta meg ikkje i din harm!
Psal NorSMB 38:3  For dine piler er farne ned i meg, og di hand hev falle tungt på meg.
Psal NorSMB 38:4  Det finst inkje friskt i mitt kjøt for din vreide skuld; det er ikkje fred i mine bein for mi synd skuld.
Psal NorSMB 38:5  For mine misgjerningar stig meg yver hovudet, som ei tung byrd er dei meg for tunge.
Psal NorSMB 38:6  Det luftar ilt av mine sår, dei renn av verk for min dårskap skuld.
Psal NorSMB 38:7  Eg er krøkt, reint samanbøygd, heile dagen gjeng eg svartklædd.
Psal NorSMB 38:8  For mine lender er fulle av brand, og det finst inkje frisk i mitt kjøt.
Psal NorSMB 38:9  Eg er reint valen og sundslegen, eg skrik høgt av hjartestynjing.
Psal NorSMB 38:10  Herre, for di åsyn er alt mitt ynskje, og min sukk er ikkje løynd for deg.
Psal NorSMB 38:11  Mitt hjarta slær hardt, mi kraft hev forlate meg, og jamvel mine augo hev mist sitt ljos for meg.
Psal NorSMB 38:12  Mine vener og frendar held seg undan frå mi plåga, og mine næmaste stend langt burte.
Psal NorSMB 38:13  Og dei som ligg etter mitt liv, dei legg ut snaror, og dei som søkjer mi ulukka, dei talar um undergang og tenkjer på svik heile dagen.
Psal NorSMB 38:14  Og eg er som ein dauv, eg høyrer ikkje, og liksom ein mållaus som ikkje let upp sin munn.
Psal NorSMB 38:15  Ja, eg er som ein mann som ikkje høyrer, og som ikkje hev motmæle i sin munn.
Psal NorSMB 38:16  For til deg, Herre, stend mi von; du vil svara meg, Herre, min Gud!
Psal NorSMB 38:17  For eg segjer: «Dei vil elles gleda seg yver meg; når min fot vaggar, høgmodast dei yver meg.»
Psal NorSMB 38:18  For eg er nær på å falla, og min hugverk er stendigt framfyre meg.
Psal NorSMB 38:20  Og mine fiendar liver, dei er mannsterke, og dei er mange som hatar meg utan orsak.
Psal NorSMB 38:21  Og dei som løner godt med vondt, stend meg imot, av di eg fer etter det gode.
Psal NorSMB 38:22  Forlat meg ikkje, Herre! Min Gud, ver ikkje langt ifrå meg! Kom meg snart til hjelp, Herre, mi frelsa!