Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 32
Psal NorSMB 32:1  Av David; ein song til lærdom. Sæl er den som hans misgjerd er forlati og hans synd yverbreidd!
Psal NorSMB 32:2  Sælt er det menneskje som Herren ikkje tilreknar skuld, og som er utan svik i si ånd!
Psal NorSMB 32:3  Då eg tagde, morkna mine bein, med di eg stunde heile dagen.
Psal NorSMB 32:4  For dag og natt låg di hand tungt på meg, mi livssaft torna ut som i sumarturken. Sela.
Psal NorSMB 32:5  Eg kjendest ved mi synd for deg og dulde ikkje mi skuld; eg sagde: «Eg vil sanna mine misgjerningar for Herren.» Og du tok burt mi syndeskuld. Sela.
Psal NorSMB 32:6  Difor skal kvar som er trugen beda til deg den tid du er finnande; sanneleg, um store vatsfløde kjem, til honom skal dei ikkje nå.
Psal NorSMB 32:7  Du er mi gøymsla, du vaktar meg for trengsla, du let fagnadrop um frelsa ljoda ikring meg. Sela.
Psal NorSMB 32:8  Eg vil læra deg og visa deg den vegen du skal ganga; eg vil gjeva deg råd med mitt auga på deg.
Psal NorSMB 32:9  Ver ikkje som hest og muldyr som ikkje hev vit: deira prydnad er taum og beisl til å tvinga deim, elles kjem dei ikkje nær til deg.
Psal NorSMB 32:10  Den ugudlege hev mange pinor, men den som lit på Herren, honom kransar han med miskunn.
Psal NorSMB 32:11  Gled dykk i Herren og fegnast, de rettferdige, og syng av fagnad, alle de trurøkne i hjarta!