Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next
Chapter 4
Psal NorSMB 4:1  Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av David.
Psal NorSMB 4:2  Når eg ropar, so svara meg, du Gud som er rettferd! I trengsla hev du gjeve meg rom; ver meg nådig og høyr mi bøn!
Psal NorSMB 4:3  De velduge menner Kor lenge skal mi æra vera til skam? Kor lenge vil de elska fåfengd, fara etter lygn? Sela.
Psal NorSMB 4:4  Vit då, at Herren fer underleg med den som er etter hans ynde! Herren høyrer, når eg ropar til honom.
Psal NorSMB 4:5  Harmast, men synda ikkje! Tenk etter i dykkar hjarta på dykkar lægje, og ver stille! Sela.
Psal NorSMB 4:6  Ber fram rettferds offer, og set dykkar lit til Herren!
Psal NorSMB 4:7  Mange segjer: «Kven vil syna oss noko godt?» Lyft du yver oss ljoset frå di åsyn, Herre!
Psal NorSMB 4:8  Du hev gjeve meg større gleda i mitt hjarta enn dei hev når deira korn og vin fell rikeleg. I fred vil eg både leggja meg og sovna; for du, Herre, let meg einsaman bu i trygd.