Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 142
Psal NorSMB 142:1  Ein salme til lærdom av David då han var i helleren, ei bøn.
Psal NorSMB 142:2  Med røysti mi ropar eg til Herren, med røysti bed eg inderleg til Herren.
Psal NorSMB 142:3  Eg renner ut mi sorg for hans åsyn, for hans åsyn segjer eg fram mi naud.
Psal NorSMB 142:4  Når mi ånd vanmegtast i meg, so kjenner då du min stig; på den veg eg skal ferdast, hev dei løynt snaror for meg.
Psal NorSMB 142:5  Skoda til mi høgre sida og sjå! Det er ingen som kjennest ved meg; all livd er burte frå meg, ingen spør etter mi sjæl.
Psal NorSMB 142:6  Eg ropar til deg, Herre! Eg segjer: «Du er mi livd, min lut i landet åt dei livande.»
Psal NorSMB 142:7  Agta på mitt klagerop, for eg er ovleg arm! Fria meg frå mine forfylgjarar, for dei er meg for sterke. Før mi sjæl or fengslet, so eg kann lova ditt namn! Kring meg skal dei rettferdige samla seg, når du gjer vel imot meg.