Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 55
Psal NorSMB 55:1  Til songmeisteren, med strengleik; ein song til lærdom av David.
Psal NorSMB 55:2  Gud, vend øyra til mi bøn, og løyn deg ikkje for mi naudbeding!
Psal NorSMB 55:3  Gjev gaum etter meg og svara meg! Eg er uroleg med mine sorgfyllte tankar, og eg må stynja
Psal NorSMB 55:4  for rop frå fienden, for trykk frå den ugudlege. For dei velter vondt yver meg, og i vreide forfylgjer dei meg.
Psal NorSMB 55:5  Mitt hjarta skjelv i meg, og daudens fæle hev falle på meg.
Psal NorSMB 55:6  Otte og skjelving kjem yver meg og rædsla legg seg på meg.
Psal NorSMB 55:7  Og eg segjer: «Å, hadde eg vengjer som duva, då skulde eg fljuga burt og finna ein bustad.
Psal NorSMB 55:8  Sjå, eg vilde fly langt burt, eg vilde finna herbyrge i øydemarki. Sela.
Psal NorSMB 55:9  Eg vilde skunda meg i livd for den føykjande vinden, for stormen.»
Psal NorSMB 55:10  Sluk deim, Herre, kløyv deira tungemål! For eg ser vald og kiv i byen.
Psal NorSMB 55:11  Dag og natt renner dei kringum honom på murarne, ugjerd og møda er midt i honom.
Psal NorSMB 55:12  Tjon er midt i honom, og ikkje vik frå gatorne vald og svik.
Psal NorSMB 55:13  For ikkje min fiende er det som hæder meg - det kunde eg tola; ikkje min uven er det som briskar seg mot meg - då kunde eg gøyma meg for honom.
Psal NorSMB 55:14  Men du er det, du som var min likemann, min ven, min kjenning, -
Psal NorSMB 55:15  me som hadde huglegt samråd med kvarandre, som gjekk til Guds hus med den glade hop.
Psal NorSMB 55:16  Lat dauden koma brått på deim! Lat deim fara ned til helheimen livande! For vondskap råder i deira bustad og i deira hjarta.
Psal NorSMB 55:18  Kveld og morgon og middag vil eg klaga og sukka, so vil han høyra mi røyst.
Psal NorSMB 55:19  Han løyser ut mi sjæl frå strid mot meg og gjev meg fred, for mange er dei mot meg.
Psal NorSMB 55:20  Gud skal høyra og svara deim - han sit frå fordoms tid, sela - deim som ikkje vil verta annarleis og som ikkje ottast Gud.
Psal NorSMB 55:21  Han legg hand på folk som held fred med honom, han bryt si pakt.
Psal NorSMB 55:22  Ordi frå hans munn er håle som smør, men hans hjarta er fullt av strid. Hans ord er mjukare enn olje, og dei er då utdregne sverd.
Psal NorSMB 55:23  Kasta byrdi di på Herren, og han skal halda deg uppe! han skal ikkje i all æva lata den rettferdige verta rikka. Men du, Gud, skal støyta deim ned i den djupe grav; blodgiruge og falske menner skal ikkje nå til helvti av si livetid; men eg set mi lit til deg.