Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 21
Psal NorSMB 21:2  Herre! Kongen gled seg yver di magt, og kor høgt han fagnar seg yver di frelsa!
Psal NorSMB 21:3  Det hans hjarta ynskte, hev du gjeve honom og ikkje neitta honom det hans lippor bad um. Sela.
Psal NorSMB 21:4  For du kom honom til møtes med velsigning av gode ting; du sette ei kruna av gull på hans hovud.
Psal NorSMB 21:5  Han bad deg um liv, du gav honom det, eit langt liv æveleg og alltid.
Psal NorSMB 21:6  Stor er hans æra ved di frelsa; høgd og heider legg du på honom.
Psal NorSMB 21:7  For du set honom til velsigning for alle tider, du hugnar honom med gleda for di åsyn.
Psal NorSMB 21:8  For kongen set si lit til Herren, og ved miskunn frå den Høgste skal han ikkje verta rikka.
Psal NorSMB 21:9  Di hand skal finna alle dine fiendar, di høgre hand skal finna deim som hatar deg.
Psal NorSMB 21:10  Du skal gjera deim som ein gloande omn, når du viser di åsyn; Herren skal rydja deim ut i sin vreide, og eld fortæra deim.
Psal NorSMB 21:11  Deira frukt skal du rydja ut av jordi og deira avkoma millom menneskjeborni.
Psal NorSMB 21:12  For dei stila på vondt imot deg, dei lagde upp meinråder; dei kann ingen ting.
Psal NorSMB 21:13  For du skal få deim til å snu ryggen til, med dine bogestrengjer sigtar du på deira andlit. Reis deg, Herre, i di magt! So vil me lovsyngja og prisa ditt velde.