Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 144
Psal NorSMB 144:1  Av David. Lova vere Herren, mitt berg, som lærde mine hender strid og mine fingrar ufred,
Psal NorSMB 144:2  mi miskunn og mi festning, mi borg og min bergar, min skjold og den eg flyr til, han som tvingar mitt folk under meg!
Psal NorSMB 144:3  Herre, kva er ein mann, at du kjenner honom, eit menneskjebarn, at du agtar på det?
Psal NorSMB 144:4  Mannen likjest ein pust, hans dagar er som ein kvervande skugge.
Psal NorSMB 144:5  Herre, bøyg din himmel, og stig ned, rør du fjelli so dei ryk!
Psal NorSMB 144:6  Lat ljonet lyna, og spreid deim, send dine piler, og skræm deim!
Psal NorSMB 144:7  Rett henderne ned frå det høge, frels meg og fria meg ut frå dei store vatni, frå handi åt framande,
Psal NorSMB 144:8  dei som med munnen talar svik, og deira høgre hand er lygne-hand.
Psal NorSMB 144:9  Gud, ein ny song vil eg syngja deg, til tistrengs-harpa vil eg syngja deg lov,
Psal NorSMB 144:10  du som gjev kongar frelsa, som friar David, tenaren din, frå det vonde sverd.
Psal NorSMB 144:11  Frels meg og fria meg ut frå handi åt framande, dei som med munnen talar svik, og deira høgre hand er lygne-hand!
Psal NorSMB 144:12  So våre søner kann vera i sin ungdom som høgvaksne vokstrar, våre døtter som hyrnestolpar, hogne som til eit slott,
Psal NorSMB 144:13  so våre bur kann vera fulle og gjeva av alle slag, so våre sauer kann auka seg i tusundtal, ja, ti tusundtal på våre marker,
Psal NorSMB 144:14  so våre kyr kann hava kalv, og der ikkje må vera brot og ikkje tap, og inkje klagerop på våre gator.
Psal NorSMB 144:15  Sælt er det folk som hev det soleis; sælt er det folk som hev Herren til Gud.