Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 104
Psal NorSMB 104:1  Lova Herren, mi sjæl! Herre min Gud, du er ovleg stor, i høgd og herlegdom er du klædd.
Psal NorSMB 104:2  Han sveiper seg i ljos som i eit klædeplagg, han spanar ut himmelen som ein tjeldduk,
Psal NorSMB 104:3  han som timbrar sine høgsalar i vatni, han som gjer skyerne til si vogn, han som fer fram på vengjerne åt vinden.
Psal NorSMB 104:4  Han gjer vindar til sine englar og logande eld til sine tenarar.
Psal NorSMB 104:5  Han grunnfeste jordi på stolparne hennar, ho skal ikkje verta rikka i all æva.
Psal NorSMB 104:6  Djupe vatn lagde du yver henne som eit klæde, yver fjelli stod vatni.
Psal NorSMB 104:7  For ditt trugsmål flydde dei, for ditt toremål skunda dei seg burt
Psal NorSMB 104:8  - fjell steig, dalar sokk - til den staden som du hadde grunnfest for deim.
Psal NorSMB 104:9  Ei grensa sette du, som dei ikkje skulde skrida yver, dei skal ikkje atter skulde leggja seg yver jordi.
Psal NorSMB 104:10  Han sender uppkomor fram i dalarne, millom fjelli renn dei.
Psal NorSMB 104:11  Dei vatnar alle villdyr på marki, villasni sløkkjer torsten sin.
Psal NorSMB 104:12  Yver deim bur himmelens fuglar, millom greinerne syng dei.
Psal NorSMB 104:13  Han vatnar fjelli frå sine høge salar, jordi vert metta av den frukt du skaper.
Psal NorSMB 104:14  Gras let han gro for feet, og vokstrar til gagn for folk til å få brød fram or jordi,
Psal NorSMB 104:15  og vin som gled menneskjehjarta, til å lata andlitet skina av olje, og avla brød som styrkjer menneskjehjarta.
Psal NorSMB 104:16  Herrens tre vert metta, Libanons cedrar som han hev sett,
Psal NorSMB 104:17  der fuglane byggjer reir, storken som hev sitt hus i cypressarne.
Psal NorSMB 104:18  Dei høge fjelli er for steinbukkarne, bergskortorne er til livd for fjell-grevlingarne.
Psal NorSMB 104:19  Han gjorde månen til tidarmerke; soli kjenner si nedgangstid.
Psal NorSMB 104:20  Du sender myrker, og det vert natt, då krek alle villdyr i skogen fram.
Psal NorSMB 104:21  Dei unge løvor burar etter ran, og dei krev si føda av Gud.
Psal NorSMB 104:22  Soli gjeng upp, då dreg dei seg heim og legg seg inn i sine bol.
Psal NorSMB 104:23  Menneskja gjeng ut til si gjerning, til sitt arbeid alt til kvelds.
Psal NorSMB 104:24  Kor mange dine gjerningar er, Herre! Du gjorde deim alle med visdom, jordi er full av det du hev skapt.
Psal NorSMB 104:25  Sjå havet, det store og vide! Der krek det i uteljande mengd av dyr både små og store.
Psal NorSMB 104:26  Der gjeng skipi, Livjatan som du hev laga til å leika seg der.
Psal NorSMB 104:27  Alle ventar dei på deg, at du skal gjeva deim føda i si tid.
Psal NorSMB 104:28  Du gjev deim, dei sankar, du let upp handi, dei vert metta med godt.
Psal NorSMB 104:29  Du løyner ditt andlit, dei vert forskræmde, du tek burt deira ande, dei døyr og dei vender attende til dusti si.
Psal NorSMB 104:30  Du sender ut din ande, dei vert skapte, du nyar upp att skapnaden åt jordi.
Psal NorSMB 104:31  Herrens æra vare æveleg, Herren glede seg i sine gjerningar!
Psal NorSMB 104:32  Han som skodar på jordi og ho skjelv, han som rører fjelli og dei ryk.
Psal NorSMB 104:33  Eg vil syngja for Herren so lenge eg liver, eg vil lovsyngja min Gud so lenge eg er til.
Psal NorSMB 104:34  Gjev min tale kunde tekkjast honom! Eg vil gleda meg i Herren.
Psal NorSMB 104:35  Gjev syndarar måtte kverva burt frå jordi, og ugudlege ikkje lenger finnast! Lova Herren, mi sjæl! Halleluja, lova Herren.