Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 6
Psal NorSMB 6:1  Til songmeisteren, med strengleik, etter Sjeminit; ein salme av David.
Psal NorSMB 6:2  Herre, refs meg ikkje i din vreide og tukta meg ikkje i din harm!
Psal NorSMB 6:3  Ver meg nådig, Herre, for eg er burtvisna! Læk meg, Herre, for mine bein er skjelvande.
Psal NorSMB 6:4  Og mi sjæl er storleg skjelvrædd. Og du, Herre, kor lenge?
Psal NorSMB 6:5  Vend deg um att, Herre, fri ut mi sjæl, frels meg for di miskunn skuld!
Psal NorSMB 6:6  For i dauden er det ikkje minne um deg; kven vil prisa deg i helheimen?
Psal NorSMB 6:7  Eg er trøytt av mine sukkar; eg bløyter mi seng kvar natt, med mine tåror væter eg mitt lægje.
Psal NorSMB 6:8  Mitt auga er upptært av hugverk; det er gamalt vorte for alle deira skuld som trengjer meg.
Psal NorSMB 6:9  Vik ifrå meg, alle de som gjer urett! For Herren hev høyrt mitt gråtmål.
Psal NorSMB 6:10  Herren hev høyrt mi audmjuke påkalling, Herren, tek imot mi bøn. Alle mine fiendar skal verta skjemde og storleg forfærde; dei skal venda attende, verta skjemde i ein augneblink.