Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 26
Psal NorSMB 26:1  Av David. Søm meg til min rett, Herre! for eg hev fare fram i mi uskyld, og til Herren hev eg sett mi lit uruggeleg.
Psal NorSMB 26:2  Prøv meg, Herre, og freista meg, ransaka mine nyro og mitt hjarta!
Psal NorSMB 26:3  For din nåde er for mine augo, og eg ferdast i di sanning.
Psal NorSMB 26:4  Eg sit ikkje saman med falske menner og gjeng ikkje inn hjå fule folk.
Psal NorSMB 26:5  Eg hatar samkoma av illmenne, og hjå dei ugudlege sit eg ikkje.
Psal NorSMB 26:6  Eg tvær mine hender i uskyld og vil gjerne ferdast um ditt altar, Herre,
Psal NorSMB 26:7  til å kveda lydt med lovsongs røyst og fortelja um alle dine under.
Psal NorSMB 26:8  Herre, eg elskar di husvist og den stad der din herlegdom bur.
Psal NorSMB 26:9  Rykk ikkje mi sjæl burt med syndarar eller mitt liv med blodgiruge menner,
Psal NorSMB 26:10  som hev skamgjerd i sine hender og si høgre hand full av mutor.
Psal NorSMB 26:11  Men eg fer fram i mi uskyld; løys meg ut og ver meg nådig!
Psal NorSMB 26:12  Min fot stend på slettlende. I samlingarne skal eg lova Herren.