Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 64
Psal NorSMB 64:2  Gud, høyr mi røyst når eg klagar, vara mitt liv frå fiende-skræmsla!
Psal NorSMB 64:3  Gøym meg for løyndelaget av dei vonde, for den bråkande hop av illgjerningsmenner,
Psal NorSMB 64:4  som kvesser si tunga som eit sverd, siktar med si pil, det beiske ord,
Psal NorSMB 64:5  og vil skjota ned den uskuldige i løynd; brått skyt dei honom og ræddast ikkje.
Psal NorSMB 64:6  Dei styrkjer seg i si vonde råd, dei fortel at dei vil leggja løynde snaror, dei segjer: «Kven ser deim?»
Psal NorSMB 64:7  Dei tenkjer upp ugjerningar: «Me er ferdige, tanken er tenkt» - og det indste i mannen og hjarta er djupt.
Psal NorSMB 64:8  Då skyt Gud deim, pili kjem brått og sårar deim.
Psal NorSMB 64:9  Dei stupar ned, deira tunge kjem yver deim, alle som ser på deim, rister på hovudet.
Psal NorSMB 64:10  Og alle menneskje ræddast og forkynner Guds gjerning, og hans verk skynar dei. Den rettferdige gleder seg i Herren og flyr til honom, og alle ærlege av hjarta prise seg sæle.