Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PSALMS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 105
Psal NorSMB 105:1  Prisa Herren, kalla på hans namn! Kunngjer millom folkeslagi hans storverk!
Psal NorSMB 105:2  Syng for honom, syng honom lov! tala um alle hans under.
Psal NorSMB 105:3  Rosa dykk av hans heilage namn, hjarta glede seg hjå deim som søkjer Herren!
Psal NorSMB 105:4  Spør etter Herren og hans magt, søk hans åsyn alltid!
Psal NorSMB 105:5  Kom i hug hans under som han hev gjort, hans undergjerningar og domsordi frå hans munn,
Psal NorSMB 105:6  de, etterkomarar av Abraham, hans tenar, søner åt Jakob, hans utvalde!
Psal NorSMB 105:7  Han er Herren, vår Gud, yver all jordi gjeng hans domar.
Psal NorSMB 105:8  Han kjem æveleg i hug si pakt, det ord han sette fast for tusund ætter,
Psal NorSMB 105:9  den pakt han gjorde med Abraham, og sin eid til Isak;
Psal NorSMB 105:10  og han gjorde det til ein rett for Jakob, for Israel ei æveleg pakt,
Psal NorSMB 105:11  med di han sagde: «Deg vil eg gjeva Kana’ans land til arvlut.»
Psal NorSMB 105:12  Då dei var ein liten flokk, få og framande der,
Psal NorSMB 105:13  og dei vandra frå folk til folk, frå eitt rike til eit anna folk,
Psal NorSMB 105:14  let han ingen mann få gjera valdsverk mot deim, og han refste kongar for deira skuld:
Psal NorSMB 105:15  «Rør ikkje dei eg hev salva, og gjer ikkje vondt med mine profetar!»
Psal NorSMB 105:16  Og han kalla hunger inn yver landet, kvar studnad av brød braut han sund.
Psal NorSMB 105:17  Han sende ein mann fyre deim, til træl vart Josef seld.
Psal NorSMB 105:18  Dei plåga hans føter i lekkjor, i jarn vart han lagd,
Psal NorSMB 105:19  til den tid då hans ord slo til, då Herrens ord viste at han var uskuldig.
Psal NorSMB 105:20  Då sende kongen bod og løyste honom, Herren yver folkeslag gav honom fri.
Psal NorSMB 105:21  Han sette honom til herre yver sitt hus, til å råda yver all hans eigedom;
Psal NorSMB 105:22  so han skulde binda hans hovdingar etter sin vilje og læra hans eldste visdom.
Psal NorSMB 105:23  Og Israel kom til Egyptarland, og Jakob budde som gjest i Khams land.
Psal NorSMB 105:24  Og han let folket sitt aukast mykje og gjorde det sterkare enn fiendarne.
Psal NorSMB 105:25  Deira hjarto vende han um, so dei hata hans folk og lagde løynderåder upp mot hans tenarar.
Psal NorSMB 105:26  Han sende Moses, sin tenar, Aron som han hadde valt ut.
Psal NorSMB 105:27  Dei gjorde hans teikn imillom deim og under i Khams land.
Psal NorSMB 105:28  Han sende myrker og gjorde det myrkt, og dei var ikkje ulyduge imot hans ord.
Psal NorSMB 105:29  Han gjorde vatni deira til blod, og han drap deira fiskar.
Psal NorSMB 105:30  Deira land kom til å kreka av froskar, jamvel i salarne til deira kongar.
Psal NorSMB 105:31  Han tala, og det kom flugesvermar og my i heile landet deira.
Psal NorSMB 105:32  Han gav deim hagl for regn, logande eld i landet deira,
Psal NorSMB 105:33  og han slo ned deira vintre og fiketre og braut trei sund i landet deira.
Psal NorSMB 105:34  Han tala, og det kom engsprettor og grashoppar i uteljande mengd,
Psal NorSMB 105:35  og dei åt upp all grode i deira land, og dei åt upp frukti av marki deira.
Psal NorSMB 105:36  Og han slo alt fyrstefødt i landet deira, fyrstegrøda av all deira kraft.
Psal NorSMB 105:37  Og han førde deim ut med sylv og gull, og det var ingen i hans ætter som snåva.
Psal NorSMB 105:38  Egyptarland gledde seg då dei drog ut; for rædsla for deim hadde falle yver deim.
Psal NorSMB 105:39  Han breidde ut ei sky til skyggje og eld til å lysa um natti.
Psal NorSMB 105:40  Dei kravde, og han let vaktlar koma, og med himmelbrød metta han deim.
Psal NorSMB 105:41  Han opna berget og vatn rann ut, det gjekk som ei elv gjenom turrlendet.
Psal NorSMB 105:42  For han kom i hug sitt heilage ord, Abraham, sin tenar,
Psal NorSMB 105:43  og han førde sitt folk ut med gleda, sine utvalde med fagnadrop,
Psal NorSMB 105:44  og han gav deim landi åt heidningarne, og folkeslags arbeid tok dei til eigedom,
Psal NorSMB 105:45  at dei skulde halda hans fyresegner og taka vare på hans lover. Halleluja!